Viser innlegg med etiketten barndom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barndom. Vis alle innlegg

onsdag 15. februar 2012

Spenninga og gleda ved å finne ein ekte skatt

Eg var ein stad i livet mellom seks og åtte, kanskje ni år, og eg hadde fått farmor med meg bort i fjæra der pappa bada då han var liten, men som ingen oppheldt seg lenger fordi det var so mykje skrot der, etter at revegardane vart rivne. Når ein leita grundig, so kunne ein av og til finne skattar dar: eit par blåskjel, delar av hjarteskjel og andre flate, kvite muslingar. Viss ein var riktig heldige kunne ein finne av dei sistnemde som ikkje var kløyvt i to, men endå flottare var det likevel dersom ein fann eit skjel som var heilt fritt for grønske frå algar og sjøgras.

Når ein er ganske liten og veldig ivrig, so tek det ikkje lang tid før små hender er fylde med muslingskal og fragment av desse, men ein vil sjeldan seie seg ferdig av den grunn, og i alle fall ikkje når ein får auge på noko kvitt som ligg halvvegs gøymd nede i den blaute leira. Då legg ein dei foreløpige funna i ein liten haug ved sidan av, før ein kastar seg over det nye, som ser ut som ein veldig fint supplement til samlinga.

Det var underleg kor vanskeleg det skulle vere å få fram skjelet, hadde eg ikkje snart gravd det ut? Eg tok tak i den kvite kanten og drog til, det rørte seg ikkje ein gong. Til og med ikkje når eg heldt fast med begge hender ville sanden sleppe taket om det. Farmor sette seg på huk ved sidan av meg, og det var i grunn litt merkeleg at ho som hadde skjørt skulle sitje og grave i sanden, for eg hadde jo lært at ein måtte ha på seg meir enn det når ein var ute og leika. Men ho hadde rynkete, sterke hender som tok til sides leira som om det var den lettaste saka på jord. Kanskje hadde vi med oss ein hagespade, eller vi gjekk tilbake og henta ein, eg hugsar ikkje heilt, men vi skulle få opp det skjelet, det hadde vi bestemt oss for. Og eg såg på hendene hennar, heilt til so mykje kvitt var kome til syne under dei at eg nesten ikkje kunne tru det.

Skjelet var enormt, det fylde begge hendene mine når eg heldt dei samla opp framfor meg, og det var tungt. Då vi gjekk tilbake til farmor-huset gjekk vi seint, og eg heldt ukseskjelet so varleg eg berre kunne, det måtte ikkje knuse for alt i verda. Eg gløymde heilt den haugen av blåskjel og grønflekka muslingbitar som eg hadde funne fyrst, for eg hadde funn ein ekte skatt.

Translation: A story about the first tim eI found a real treasure and dug it out of the sand by the help of my grandmother's strong hands.

søndag 12. september 2010

Bursdagskake

I dag vakna eg to timar itdlegare enn eg hadde planlagt, og då eg kom ned på kjøkenet hadde mamma sett fram sjokoladekaka på bordet, og venta på at eg skulle stå opp sånn at vi kunne pynte den. Fordi mamma mi e so fin at ho insisterer på å lage kake til bursdagane våre, sånn sjokoladekake vi alltid hadde i barneselskap.
So såg eg på at ho strauk sjokoladeglasur over,
medan eg sjølv gjorde rein skåla som kokesjokoladen hadde smelta i (de har vel høyrt om frukostdessert?),
Tradisjonen tru, hadde vi kjøpt nonstop te pynt, og sia storebroren e i Trondheim, so e det litt vanskeleg for han å vere med å pynte. So då ringde eg han istadenfor og sa at han fekk bestemme ka eg skulle lage på kaka.
Storebroren utforda meg te å lage ein fugl, ein sånn liten ein, og då fann eg ut at eg ville prøve å lage ein raudstrupe.
Ogso vart det ein stjernehimmel òg.

Translation: My mother insists on making the traditional chocolate cake for our birthdays, and we always decorate it with nonstops. My big brother is away for the time being, but I called him, and he told me to make a bird. And I added a starry sky too.