Viser innlegg med etiketten historier. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historier. Vis alle innlegg

onsdag 15. februar 2012

Spenninga og gleda ved å finne ein ekte skatt

Eg var ein stad i livet mellom seks og åtte, kanskje ni år, og eg hadde fått farmor med meg bort i fjæra der pappa bada då han var liten, men som ingen oppheldt seg lenger fordi det var so mykje skrot der, etter at revegardane vart rivne. Når ein leita grundig, so kunne ein av og til finne skattar dar: eit par blåskjel, delar av hjarteskjel og andre flate, kvite muslingar. Viss ein var riktig heldige kunne ein finne av dei sistnemde som ikkje var kløyvt i to, men endå flottare var det likevel dersom ein fann eit skjel som var heilt fritt for grønske frå algar og sjøgras.

Når ein er ganske liten og veldig ivrig, so tek det ikkje lang tid før små hender er fylde med muslingskal og fragment av desse, men ein vil sjeldan seie seg ferdig av den grunn, og i alle fall ikkje når ein får auge på noko kvitt som ligg halvvegs gøymd nede i den blaute leira. Då legg ein dei foreløpige funna i ein liten haug ved sidan av, før ein kastar seg over det nye, som ser ut som ein veldig fint supplement til samlinga.

Det var underleg kor vanskeleg det skulle vere å få fram skjelet, hadde eg ikkje snart gravd det ut? Eg tok tak i den kvite kanten og drog til, det rørte seg ikkje ein gong. Til og med ikkje når eg heldt fast med begge hender ville sanden sleppe taket om det. Farmor sette seg på huk ved sidan av meg, og det var i grunn litt merkeleg at ho som hadde skjørt skulle sitje og grave i sanden, for eg hadde jo lært at ein måtte ha på seg meir enn det når ein var ute og leika. Men ho hadde rynkete, sterke hender som tok til sides leira som om det var den lettaste saka på jord. Kanskje hadde vi med oss ein hagespade, eller vi gjekk tilbake og henta ein, eg hugsar ikkje heilt, men vi skulle få opp det skjelet, det hadde vi bestemt oss for. Og eg såg på hendene hennar, heilt til so mykje kvitt var kome til syne under dei at eg nesten ikkje kunne tru det.

Skjelet var enormt, det fylde begge hendene mine når eg heldt dei samla opp framfor meg, og det var tungt. Då vi gjekk tilbake til farmor-huset gjekk vi seint, og eg heldt ukseskjelet so varleg eg berre kunne, det måtte ikkje knuse for alt i verda. Eg gløymde heilt den haugen av blåskjel og grønflekka muslingbitar som eg hadde funne fyrst, for eg hadde funn ein ekte skatt.

Translation: A story about the first tim eI found a real treasure and dug it out of the sand by the help of my grandmother's strong hands.

lørdag 8. oktober 2011

Ikkje enno

Det kom bod om at vinteren var på veg, so eg gjekk han i møte.
 Eg synte han tistelen. "Ho er ikkje for vel elda, og du vil alt syne deg?" Han bles åt det, sa det fekk berre gå sin gang.
Så tok eg han med eit stykke bort og synte han smørblomen. "Ho har endeleg klart å bryte gjennom jorda, og du let henne ikkje ein gong få vise at ho òg er sterk nok til å bløme?" Han svara ikkje.
So snudde eg og gjekk heimatt. Han følgde ikkje etter. Ikkje enno.

Translation: I went to see Winter today. I told him it was too early and showed him the flowers that had yet to bloom. He didn't follow me home.

lørdag 9. juli 2011

Eg har plukka myrull

Eit av yndlingseventyra mine då eg va lita var dei tølv villendene. Ho va so utruleg uthaldande og flink, og so va det synd i ho, sidan ho ikkje fekk snakke. Eg prøvde sjølv å ikkje snakke på ei stund, men det gjekk aldri. Tenk om ein hade hatt ein kjole av myrull. Den måtte ha vore som mjuk, tettpakka luft rundt ein.
Og Ditta bildet av Theodor Kittelsen har eg forresten på veggen heime, og det e eit av dei finaste måleria eg veit om:

Translation: As a child I loved this fairy tale, and the illustration by Theodor Kittelsen has been hanging on my bedroom wall since I was little.

fredag 27. august 2010

Om stjerner

Og med døden kom sola, månen og stjernene. For når menneske døyr, stig dei opp til himmelen og blir lysande.
kjelde 1, kjelde 2: ei inuittisk skapingsmyte

Translation: And with the death came the sun, the moon and the stars. For when humans die, they rise to the sky and become shining lights.
(from an inuit myth)