Eg ser ikkje so veldig mykje på fjernsyn eigentleg, og det er ikkje slek at viss eg ikkje får med meg det og det programmet, so er dagen eller veka øydelagt. Men sjølvsagt er det jo visse tider då eg blir ekstra glad for at eg slo på fjernsynet akkurat då. Sånn va det for eksempel i dag, då eg slo på fjernsynet ti på hal ni, og eg oppdaga at "Brenner - historier fra vårt land" var starta for fem minutt sidan.
Hans Olav Brenner er ein av dei programleiarane eg likar aller best i norsk fjernsyn. Han er seg sjølv og er god til å få kontakt med folk han intervjuar og pratar med. Det ligg alltid noko ekte i det han driv med, syns eg.
Viss de ikkje har sett han før, so oppmodar er til å skru på fjernsynet på NRK1 kvart øve åtte på måndagar framøve.
Translation: Hans Olav Brenner is one of my favourite TV hosts. He knows how to make an interesting and good show, and he communicates with the people he meet and interview in a wonderful way. Besides: there is something real bout what he does.
Viser innlegg med etiketten fjernsyn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjernsyn. Vis alle innlegg
mandag 14. november 2011
søndag 23. oktober 2011
Beat for beat og meg
- På laurdagane e det av og til at eg og mamma ser reprisa frå fredagen, sjølv om vi såg på fredagen òg
- Då eg var lita trudde eg programmet heitte "bit for bit" fordi dei tok små bitar av setningar og sette dei saman.
- Eg fann fort ut at viss eg noken gong skulle vere med i beat for beat, so skulle eg vere på lag med Gisle Børge Styve (det er eg framleis fast bestemt på), fordi vi har nesten same dialekt.
- Eg er himla glad i begge pianistane i grunn. Og Ivar Dyrhaug. Og orkesteret til Trond Lien.
- Det er det beste musikkprogrammet som finst, syns eg.
Translation: Beat for beat is the name of my favourite television show of all time. Famous (and less famous) Norwegian (and sometimes Swedish) musicians meet for a friendly competition where they gather points by recognizing songs by picking words or hearing the melody (and sometimes only the beat). It's been going on for as long as I can remember.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
