Pocahontas. Akkurat so jordnær som jenter kan vere.
Ariel. Akkurat so håpefull som jenter kan vere.
Mulan. Akkurat so modig som jenter kan vere.
Nala. Akkurat so sterk som jenter kan vere.
Esmeralda. Akkurat so levande og varm som jenter kan vere.
Translation: Five of my favourite heroines from the universe of Disney
Viser innlegg med etiketten jenter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jenter. Vis alle innlegg
søndag 5. februar 2012
mandag 20. juni 2011
Ei lita hylling
... til ei av dei tøffaste, modigaste og søtaste damene som noken gong har vore på ein fjernsynsskjerm. Då snakkar eg sjølvsagt om ho med det dobbelt maskuline namnet Sam Steward, som er sjåfør for kriminalsjef Foyle i England under den andre verdskrigen. Om eg måtte ha vore ein anna enn meg sjølv, so skulle eg ha vore ho, utan tvil!
Ho er tøff i uniform, tenkjer av og til hakket seinare enn ho snakkar, er skarpare enn ho kan fyrst verke, kan mekke på bilar, ordnar opp når ho klarar, smiler, er so samla ein kan vere når ein er innestengt i eit rom med ei bombe, og so seier ho "nei" når den fyrste kjærleiken spør om ho har noke i mot at han kyssar henne, og "ja" når den andre store kjærleiken frir i eit hus som held på å rase saman over dei.
Translation: A tribute to Sam Steward.
torsdag 21. april 2011
Møt Julia
Ho har sjokoladebrune auge, og ho snakkar ikkje. Ho syng. Ho er alltid mykje klårare enn det som er rundt henne.
Translation: Meet Julia. She had chocolate brown eyes and doesn't speak. She sings. She is always much clearer than her surroundings.
fredag 15. oktober 2010
Ein liten jentekveld
Med trippelis og sjokoladepulver,
fantastiske bukser som ein fekk lyst til å låne,
ein pianist som gøymer seg bak sin bamse og ein vaskebjørn,
fine skiljegardiner,
og ein film.
Translation: A girl's evening with ice cream, talking, a movie and stuffed raccoons.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
