Viser innlegg med etiketten konsert. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konsert. Vis alle innlegg

onsdag 29. februar 2012

Alaska

Dette skotåret skal eg feire den ekstra februardagen på ein veldig fin måte, nemleg ved å reise på konsert med Jonas Alaska saman med to fine jenter. Vi har sete nummer 12, 13 og 14 på rad 2, som viser seg å vere same rad som ein haug andre fine jenter.
Då er det eit strålande høve til å lage eit hav i håret der ein kan setje i ei sløyfe (eg har langt hår no!).

Translation: I will celebrate this extra day in February in a splendid manner, in my opinion: I will sit in the middle of the second row, together with some of my best girlfriends, and listen to Jonas Alaska's music. To such an occasion, it is a natural thing to make your hair into an ocean and put a bow in it.

fredag 7. oktober 2011

Hybeltradisjonar og musikk

Kanskje ska vi lage ein tradisjon ut av det å ha sopp i middagen kvar gong vi fer på hybelbesøk før Gloppen Scene. Dei ser i alle fall veldig fine ut i lyset som kjem inn frå kjøkenglaset.
Det smakar veldig gødt når ein steikjer det saman med tacokjøtdeig.
 Då passar det òg fint å følgje den fordelingsmodellen av mat på tallerkenen som stod i heimkunnskapsboks på barneskulen som ein eigentleg aldri følgde. Det er særs akseptabelt å ete sånn mat ilag med vener som spelar saksofon og diskuterer teknikk medan ein høyrer på jazz og klassisk musikk.
 Ekstra stas er det sjølvsagt når ein har neglelakk som blenkjer perfekt i lyset.
Når kløkka nærmar seg halv ni, so går ein bort på Gloppen Hotell og høyrer på koslege trubadurar og flinke Special Kids Unit som spelar god, melodiøs rock.

 Translation: This is pretty much what yesterday looked like.

lørdag 10. september 2011

Torsdag:

Dagen starta med studiedag heime, før eg tok tobussen, møtte Frk Ingvaldsen, handla, og gjekk opp til ei dør eg aldri har sett før, sjølv om eg har gått forbi mångemånge gongar.
 Vi ringde på slek at Henrik-vesenet skulle vete at vi va dar, og då vi kom opp på kjøkenet skar vi opp grønsakene omtrent slek:
 Forresten so er den hybelen til å bli forelska i, for den har masse rare vinklar og krokar og dørerer og små rom.
Utsikta er særdeles akseptabel, særleg når ein kan ha føtene på karmen og nyte den.

Og slek såg tallerkenen og glaset ut etter at woken, muffinsen og isteen forsvann på mystisk vis.
Når kløkka var kvart over åtte spaserte vi bortover mot Gloppen Hotell, der ein kunne høyre mykje lovande lyd, og kløkka hal opna dørane til kjellaren, og vi sette øss langt framme og gledde oss. Etter at oppvarmingsbandet hadde spelt to songar, so gjekk Honningbarna på scena, og eg har berre ein ting å seie: verkeleg verdt å få med seg live!

Translation: Thursday: At two o'clock I took the bus for half an hour and met with my friend. We did some grocery shopping and headed for a door I never knew excisted, and I found it lead to another friend's very neat place, with corners, angles and doors that lead nowhere. We made dinner, talked, and when it was time, we headed towards the hotel where Honningbarna would be playing. Absolutely worth it!

lørdag 14. august 2010

Om tre timar

Den rosaoransje neglelakken med glitter i e nesten tørr, og veska e nesten ferdigpakka med sitjeunderlag og andre nødvendige ting til ein innekonsert og ein utekonsert og ei overnatting og hybelbesøk dagen etterpå.

Imens kan de høyre på den finaste versjonen av I Heard It Trough the Grapevine.


Translation: The pink-orange nail polish is almost dry, and I'm almost done packing what I need for two concerts (one of them outdoors), a sleepover and a visit to a good friend tomorrow.