Etter eit par steg kjenner ein at greina e mjuk, skulle nesten ikkje tru at eit so tørt tre kunne vere so mjukt, og det gyngar og det bles opp til lett bris inne i magen. Midt oppe på stegen aukar det til kuling, nærmast sterk. Eit steg til og det vesle skipet blir kasta fram og tilbake inne i magen. Pappa der nede tek tak rundt stigen: "Det går bra". Greina svaiar endå meir, stegen svaiar endå meir, eg svaiar endå meir. So skjønar kapteinen at han må ta saka i eigne hender, og han spring opp mot roret og tek eit fast tak rundt det finslipte treet. "Alle mann til babord side!" ropar han gjennom stormvinden, og monsterbølgja rullar framover. Men det går bra, for no har kapteinen skjønt det: han må vere eitt med skipet, som er eitt med havet.
Eg lener meg litt til venste og let overkroppen kvile mot stegen. Bli eitt med stegen. Stegen legg seg litt tyngre mot greina, men ho svaiar ikkje meir. Treet, stegen og eg.