Viser innlegg med etiketten rydding. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rydding. Vis alle innlegg

lørdag 9. oktober 2010

Om å gjere tehylla om til teskåp

I dag va eg faktisk i rydde-vaske-og-ordne-humør. So opna eg skåpet der tehylla vår va, og fann ut at eg skulle rydde ut alt saman, både terelaterte ting og ikkje-terelaterte ting. Omlag sånn såg det ut der inne etterpå (der er eigentleg ei hylle te i skåpet, men mamma brukar den øvste hylla te noke anna):
So sette eg fyrst inn den store, blå tekanna te mamma i den midterste hylla. Pappa sin sjokoladekaffi (som han hadde gløymt at han hadde kjøpt fordi han va nyfiken på korleis den va) fekk og lov te å stå der, og overlevingsboksen og reise-teboksen passa fint dar, tykte eg. Og ricola-teen òg, for den hadde ein sånn rund boks.
I nedste hylla fekk plutseleg alle dei andre teane plass, og framleis toler hylla litt tilføying. Pukka-teen (som vart kjøpt i går) fekk stå heilt bakerst, men gødt synleg, sånn at viss eg har ein dårleg dag, so ska eg få lett auge på den. Heilt fremst var dei teane som snart e oppbrukte (eg må snart til Oslo for å få meir av yndlingsteen (og eg tykkjer det e ein ganske god grunn te å reise te hovudstaden, eg)). Dei teane eg av og til gløymer at eg har, fekk fine klesklyper på seg, sånn at eg ska sjå dei.
Og omlag slek ser no teskåpet ut.

Translation: Today I figured that I should reorganize the teashelf, and then I took a look at the shelf above it, and saw that I would have two teashelves. I'm quite satisfied with that.