Viser innlegg med etiketten drikke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten drikke. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Earl Grey på 1-2-3

 1. Earl Grey frå Twinings (svart te). Dette er jo ein av dei største klassikarane i teverda, og eg vil tru månge tedrikkarar har eit spesielt forhold til denne teen. Personleg vart eg kjend med den fordi det var den einaste teen mamma drakk då eg var lita, og dermed den einaste teen eg fekk mogelegheit til å prøve. Difor er den veldig nostalgisk for min del, men eg likar den òg fordi den er enkel og høver til dei fleste høver. Riktig nok kan ein bli litt lei av den over lengre periodar, men det er alltid gødt å vete at ein har ein boks med den originale Earl Grey-teen i skåpet.

2. Earl Grey Blue frå Hebden Tea Company (svart te). Denne teen hadde bror min med seg frå York for vel eit halvt år sidan, og her er kronblad frå kornblomen iblanda den svarte teen. Earl Grey Blue er difor meir aromatisk og med ein svakt søtare smak enn klassikaren. Eg vil velje denne varianten framfor klassikaren dersom eg verkeleg skal nyte koppen, eller viss lekselesing skal bli litt kjekkare.

3. Earl Grey Green Tea frå Twinings (grøn te). Denne er meir leskande enn dei to føregåande og samtidig blir den meir vanedannande, i alle fall for min del. Den er mildare i smak og lukt og smakar ikkje noko sterkt av Earl Grey, men det vil ikkje seie at den ikkje er velsmakande, for det er den.

Translation: The three types of Earl Grey teas I've tasted. I can't really make up my mind about which one is better, because they have different qualities. The clasic Earl Grey is an all-around tea, while the blue one with cornflower is more aromatic and suitable for relaxing afternoon dates with my homework. The green tea is rather addictive, at least for me.

mandag 30. januar 2012

Søtleg gul

Etter å ha vore innom Glamourbibliotekaren tidleare i dag, so fekk eg so himla lyst på sjølvpressa appelsinjuice. Då er det berre ein ting å gjere.

Translation: When you see this picture on one of the prettiest blogs you know of, there is only one thing to do.

søndag 30. oktober 2011

Lyspunkt i ei travel veke

1. Onkelbesøk og litt forseinka gebusgåve som var so fint innpakka at eg nesten ikkje turde opne:
 2. - 40% på alle Pierre Robert-produkt på Coop, noko som då resulterer i ein langarma ullgensar i mørk plomelilla farge, og ein stålblå ulltopp:
 3. Varm sjokolade i solskin:

Translation: Three nice things in a busy week.

onsdag 7. september 2011

Raude blomeglas

Om litt mindre enn eit år flyttar eg heimanifrå for å bli student på høgare nivå. Og då passar det fint at mamma ryddar i skåpa på eit av roteromma og finn seks passe høge glas frå 70-talet som er perfekte til å ha mjelk i. Det er sleke glas som inviterer til vennebesøk med draumande samtaler om bølgjer, paraplyar, sauer, pianotonar, smilerynker og fløyel. Viss fleire enn seks vil kome på besøk, so kan dei nok låne snusmumrikk- eller bissevovvkøppen.

Translation: When it's slightly under a year until you're moving out from your parents' house to study at a higher level, it is nice to have a mother who tidies in one of the messy rooms in our house and discovers six red-flowered glasses, perfect for drinking milk together with friends, discussing waves, umbrellas, sheep, piano tunes, smiles and velvet.

lørdag 12. februar 2011

Saftkoking

I dag tidleg lukta det sommar på kjøkenet, fordi mamma hadde teke opp nokre isboksar med saft, og so kokte ho opp med sukker i,
før ho hadde dei på glas

medan eg smakte på det rosa skummet som ho tek av safta i panna.
Det kallar eg gødt samarbeid.

Translation: Today the kitchen smelled like summer, because my mother made squash. I watched until she was done and I could taste the foam that was left. I like that kind of collaboration.

mandag 20. desember 2010

Ein rar mann på kjøkenet

 Vi har tradisjon på å brygge sukkerøl (alkoholfritt, altso!) og te det har vi ein stor øldunk. Denne skal haldast på ein viss temperatur, so eg og pappa hadde det litt moro med å kle han til formålet. Ka kledde han best: stråhatt eller briller?

Translation: Each Christmas we brew alcohol free beer, an old family tradition, and the beer has to keep a certain temperature. Therefore, me and my father had fun dressing it up. What looks the best: the straw hat or the glasses?

lørdag 9. oktober 2010

Om å gjere tehylla om til teskåp

I dag va eg faktisk i rydde-vaske-og-ordne-humør. So opna eg skåpet der tehylla vår va, og fann ut at eg skulle rydde ut alt saman, både terelaterte ting og ikkje-terelaterte ting. Omlag sånn såg det ut der inne etterpå (der er eigentleg ei hylle te i skåpet, men mamma brukar den øvste hylla te noke anna):
So sette eg fyrst inn den store, blå tekanna te mamma i den midterste hylla. Pappa sin sjokoladekaffi (som han hadde gløymt at han hadde kjøpt fordi han va nyfiken på korleis den va) fekk og lov te å stå der, og overlevingsboksen og reise-teboksen passa fint dar, tykte eg. Og ricola-teen òg, for den hadde ein sånn rund boks.
I nedste hylla fekk plutseleg alle dei andre teane plass, og framleis toler hylla litt tilføying. Pukka-teen (som vart kjøpt i går) fekk stå heilt bakerst, men gødt synleg, sånn at viss eg har ein dårleg dag, so ska eg få lett auge på den. Heilt fremst var dei teane som snart e oppbrukte (eg må snart til Oslo for å få meir av yndlingsteen (og eg tykkjer det e ein ganske god grunn te å reise te hovudstaden, eg)). Dei teane eg av og til gløymer at eg har, fekk fine klesklyper på seg, sånn at eg ska sjå dei.
Og omlag slek ser no teskåpet ut.

Translation: Today I figured that I should reorganize the teashelf, and then I took a look at the shelf above it, and saw that I would have two teashelves. I'm quite satisfied with that.

tirsdag 14. september 2010

Varme bølgjer

Frå tid til anna e det lov å fylle ein stor koeit stort krus med varm sjokolade, eller kanskje drikke månge, månge små koppar med litt søte, eller bitre, mjuke bølgjer som stryk nedover halsen.
(sjokoladen på Brævasshytta i Fjærland e ein av dei beste eg har smakt nokon gong)

Translation: I love how hot chocolate feels sweet and (sometimes) bitter at the same time, and how it's like warm waves flow down your throat when you drink it.