1. Ta utgangspunkt i det fyrste namnet (eller substantivet) du kjem på.
2. Legg te det fyrste verbet du kjem på.
3. Legg te dei neste orda som du kjem på.
4. Set punktum.
5. Skriv det det neste namnet (eller substantivet) du kjem på og gjer som i punkt to og nedover.
Her e noken av dei eg likte best frå den fyrste sida mi med tullesetningar:
- Perine sat ved peisen og varma lausbarten.
- Ryggen såg bleikblå ut mot blekkspruttentaklane.
- Pigleton reiste ikkje jorda rundt utan sokkar med hol i.
- Åsta spionerte på bananer under asfalten.
- Billy beita blyantspissar i Stillehavet.
(men det e 'kje alltid at det blir morosame setningar. Dei fyrste mine vart so kjedlege og ordinære, men det blir betre dess meir du øvar)
