Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tips. Vis alle innlegg

lørdag 22. januar 2011

Skriveøving / skriveoppvarming

I haust, då eg hadde skikkeleg lyst te å vere kreativ skiftleg men ikkje fekk det te, so kom eg på ein liten leik som kan vere te hjelp om ein t.d. har lyst te å lage ein interessant person men ikkje heilt klarar det, viss ein ikkje klarar å kome på noke nytt, viss ein ikke finn på ei historie, viss ein ve kome i skrivemodus, kanskje viss du ve tegne noke osv. Den e rett og slett sånn:

1. Ta utgangspunkt i det fyrste namnet (eller substantivet) du kjem på.

2. Legg te det fyrste verbet du kjem på.

3. Legg te dei neste orda som du kjem på.

4. Set punktum.

5. Skriv det det neste namnet (eller substantivet) du kjem på og gjer som i punkt to og nedover.

Her e noken av dei eg likte best frå den fyrste sida mi med tullesetningar:
- Perine sat ved peisen og varma lausbarten.
- Ryggen såg bleikblå ut mot blekkspruttentaklane.
- Pigleton reiste ikkje jorda rundt utan sokkar med hol i.
- Åsta spionerte på bananer under asfalten.
- Billy beita blyantspissar i Stillehavet.

(men det e 'kje alltid at det blir morosame setningar. Dei fyrste mine vart so kjedlege og ordinære, men det blir betre dess meir du øvar)

Translatoin: Something to do if you don't feel creative even though you want to: write sentences with the first words that pop into your head. Hopefully they will be completely absurd.

mandag 11. oktober 2010

Pukkatetips

Når du fyrst ska lage pukkate eller ein anna te som du likar utruleg gødt) so ska du finne fram ei stor tekanne eller ein termos, ogso ha massemasse kokande vatn i, sånn at du kan drikke fleire koppar utover kvelden. Og viss dokke e fleire, so kan den so lika mykje smak få ta heilt fysst, og den so lika teen litt sterkare kan ta litt seinare.

 Translation: When making Pukka-tea (or any of your other favourite teas) you should make a whole pot, so that you can drink one cup now and one cup then and another one later on.