Ka nynnar de på for tida?
tirsdag 21. august 2012
Det eg nynnar på for tida
"Lonely Buoy" av Joe Lean and the Jing Jang Jong. For eit par dagar sidan, medan eg gjekk nedover mot sentrum, dukka plutseleg denne songen opp i hovudet, sjølv om det er over eit halvt år sidan eg høyrde den sist. No har songen funne seg gødt til rette i hovudet mitt, og det er eigentleg greit å ha den der.
Translation: This song pops up in my mind whereever I go. What are
mandag 20. august 2012
Chrysolina graminis
Hin dagen fekk eg eit vakkert postkort frå min bror som nyleg var eit par veker i York. På kortet sat det ei lita bille i stort format, og eg fann raskt ut at den høvde veldig gødt på veggen over bokhylla (og der er god plass til fleire billebileter, altso!).
Tansy-billa er ei bladbille som har fått namnet sitt fordi den oppheld seg mykje på planten reinfann, som på engelsk heiter tansy. Om du fer til England skal du vere ganske heldig om du får sjå den, for den er utrydningstrua på grunn av mangelen på større områder med reinfann, og den lev berre på ei 30 km lang strekning langs elva Ouse som renn rundt York.
Translation: This postcard arrived a few days ago, and has a picture of a most beautiful beetle on it. The tansy beetle is an endagered species that live only along the banks of the river Ouse, York, and the reduced population is a result of decreasing areas of the flower tansy, which is where this beetle lives.
lørdag 18. august 2012
Regn
Føtene glir ned i skoa, og i det eg reiser meg opp etter å ha knytt lissene strekk eg ut høgrehanda for å ta tak i jakka, nøler litt, tek den ned av knaggen og smett armane inn i ermane. Ute er det kjøligare enn det har vore tidlegare i veka, men det er framleis so varmt at ein fint kan gå i t-skjorte. Eg tek ikkje av meg jakka.
Asfalten under meg er tørr, og himmelen over meg er overskya og gjer det passeleg lummert. Litt bort i vegen og ned i byrjnga av snarvegen ned til skulen står ei lind med digre, hjarteforma blad. Om eg prøvar å lage eit hjarte med begge hendene mine blir dei to hjarta omlag like store. Eg stoppar opp for å sjå på dei, oppdagar ein liten edderkopp. Den er stor til å vere edderkopp, men liten i forhold til meg, so eg stikk nasa so nært som mogeleg utan å skremme den.
Knappe fem minutt lenger nede kjem eg over det kvite kløverane, dei som eigentleg er raudkløverar men som kanskje tykte det var uforståeleg at dei måtte vere raude berre fordi artsnamnet sa det, og som difor avduka kvite kronblad når det var deira tur å blomstre. Eller kanskje var dei so takksame for å få stå der, mellom dufta av lindeblomar og ferdigsteikt pizza frå huset ved sidan av, at dei med glede gav raudfargen frå seg. Berre dei kunne stå her æveleg.
Fleire vegar møtest og eg tek den som går ned til elva, drøyer tida litt. Går i sikksakk for ikkje å trakke på sniglane i vegen, og stoppar når eg kjem ut på brua med grønmåla rekkverk. Lufta er ekstra frisk her mellom trea og vatnet i elva. So snur eg og tek til på vegen oppatt, langs hovudvegen no. Eit mjukt, kaldt prikk i bakhovudet. No er tida inne, tenkjer eg, og endå eit drypp treff handa mi, mellom tommel og peikefinger denne gongen. Snart er asfalten dekt av svarte prikkar som dannar eit tettare og tettare mønster på vegen. Andre folk som går langs vegen set opp farten litt, men eg dreg berre hetta på jakka halvvegs over hovudet og held fram i same tempo som før. Vi er vener, regnet og eg, og ein veit gjerne når venene dine kjem på besøk.
Translation: Finally the rain came, and I walked out to welcome it.

torsdag 16. august 2012
Ted
I dag var det fint veir, ypparleg til å spasere seg ein tur bort til kinoen der dei synte gratis film.
Ted er ein teddybjørn som vart levande etter at den då åtte år gamle eigaren John Bennet ynkste seg ein venn som aldri ville forlate han. No er John femogtredve og prøvar å få orden på livet sitt, noko som ikkje er heilt enkelt med ein hasjrøkande, damegalen eks-kjendis av ein teddybjørn som bestevenn.
Eg kan trygt seie at dette er ein ganske so sær film, noke som ikkje treng å vere negativt. Dette er ein film full av sjuke, tåpelege, morosame og rørande scener, og den passar gødt til dagar då du ikkje orkar å tenkje so veldig mykje. Eg trur nok den beste filmopplevinga blir når du ser den på kino, for då bryt tidvis heile salen ut i latter, og det er alltid triveleg.
Translation: I just watched the film Ted, and I found it weird, crazy, funny and touching at the same time. It is a film that suits well for days when you don't feel like thinking much. I think you'll have the best experience watching this at the cinema, because it's great when the whole audience starts laughing.
onsdag 15. august 2012
Lukter
- Nye veggar som ikkje har blitt prega av at nokon bur mellom dei (rommet mitt).
- Tørr, varm asfalt (langs hovudvegen).
- Sjøluft (når ein går bortover Hamnegata).
- Grøn grasplen i sola (utanfor Berte Kanutte-huset).
- Gamalt, røykduftande tømmer (på museet).
- Nye brosjyrer og informasjonshefter i glatt papir (som alle ber på).
- Menneske som brukar meir oksygen enn der er plass til (i klasserommet)
- Menneske som et graut av bygg med sukker og kanel på (under utflukta).
- Gurkemeie og pepar (i middagen min).
Translation: Smells. So many of them, both unknown and somewhat familiar, but all in a new location.

mandag 13. august 2012
Oppdrag oppdag Volda
Før ein kan gjere noko so spennande of farleg, kan ein trenge ein liten sjokoladebit som kom i posten for litt sidan, og medan ein et den kan ein jo til dømes svare på brevet.
So går ein ned over mot sentrum og tek den vegen der morelletre står på rekke og rad slik at dei som går forbi kan forsyne seg. Det var omtrent berre i toppen at der var bær att. Det hadde nok gått ein del folk forbi, ja.
Den vegen er slik at akkurat før du når sentrum, so kryssar ein ei bru som går over ei elv, og ein blir gjerne ståande ei lita stund berre for å sjå.
Deretter går ein i gatene, hit og dit og tilbake litt, og plutseleg får ein auge på eit skilt og nokre bøker og veit at hit skal du gå fleire gongar.
Når ein so kjem heim att (det er ikkje so vankeleg å kalle hybelen for heim) ventar ein litt, slik at magen blir litt svolten, sånn at når den marinerte laksen er ferdig steikt og jasminrisen ferdig kokt, då er ein ordentleg svolta.Translation: I've been discovering my new town today. I started off my adventure by eating a small chocolate and asnwering a letter. Later on, while walking, I found wild cherry trees by the road, a bridge with a nice view and a shop with used books (where I will definately go again). When I got back home, I had a pretty good dinner.
søndag 12. august 2012
Mi nye utsikt
Då er eg ferdig med all flytteplanlegging. Og flytting. Dagen i dag baud på ein veldig stakkarsleg hund som forsto at eg skulle reise, ein liten tur som gjorde hunden gladare for ei lita stund, songar om å bekymre seg, solskin, middag på kinarestaurant, skoddedottar som snik seg rundt fjelltoppane som godmodige midgardsormar og dragar, linerler og roser utanfor vindauget, fine meldingar frå vener, varm te, og eit eige rom.
Translation: Now I'm here. After a day with a sad dog, Chinese food, songs about worrying about loneliness, clouds that sneak around the mountain tops like dragons, wagtails and roses outside my window, nice messages from friends, warm tea and a room of my own.
Abonner på:
Innlegg (Atom)