mandag 20. august 2012

Chrysolina graminis

Hin dagen fekk eg eit vakkert postkort frå min bror som nyleg var eit par veker i York. På kortet sat det ei lita bille i stort format, og eg fann raskt ut at den høvde veldig gødt på veggen over bokhylla (og der er god plass til fleire billebileter, altso!).
Tansy-billa er ei bladbille som har fått namnet sitt fordi den oppheld seg mykje på planten reinfann, som på engelsk heiter tansy. Om du fer til England skal du vere ganske heldig om du får sjå den, for den er utrydningstrua på grunn av mangelen på større områder med reinfann, og den lev berre på ei 30 km lang strekning langs elva Ouse som renn rundt York.

Translation: This postcard arrived a few days ago, and has a picture of a most beautiful beetle on it. The tansy beetle is an endagered species that live only along the banks of the river Ouse, York, and the reduced population is a result of decreasing areas of the flower tansy, which is where this beetle lives.

2 kommentarer:

Synne sa...

Oi, så flott farge! Postkort er BEST.

motionocean sa...

Neeeei :( Det er så trist å lese ordet "utrydningstrua" :((