lørdag 18. august 2012

Regn

Føtene glir ned i skoa, og i det eg reiser meg opp etter å ha knytt lissene strekk eg ut høgrehanda for å ta tak i jakka, nøler litt, tek den ned av knaggen og smett armane inn i ermane. Ute er det kjøligare enn det har vore tidlegare i veka, men det er framleis so varmt at ein fint kan gå i t-skjorte. Eg tek ikkje av meg jakka.
Asfalten under meg er tørr, og himmelen over meg er overskya og gjer det passeleg lummert. Litt bort i vegen og ned i byrjnga av snarvegen ned til skulen står ei lind med digre, hjarteforma blad. Om eg prøvar å lage eit hjarte med begge hendene mine blir dei to hjarta omlag like store. Eg stoppar opp for å sjå på dei, oppdagar ein liten edderkopp. Den er stor til å vere edderkopp, men liten i forhold til meg, so eg stikk nasa so nært som mogeleg utan å skremme den.
Knappe fem minutt lenger nede kjem eg over det kvite kløverane, dei som eigentleg er raudkløverar men som kanskje tykte det var uforståeleg at dei måtte vere raude berre fordi artsnamnet sa det, og som difor avduka kvite kronblad når det var deira tur å blomstre. Eller kanskje var dei so takksame for å få stå der, mellom dufta av lindeblomar og ferdigsteikt pizza frå huset ved sidan av, at dei med glede gav raudfargen frå seg. Berre dei kunne stå her æveleg.
Fleire vegar møtest og eg tek den som går ned til elva, drøyer tida litt. Går i sikksakk for ikkje å trakke på sniglane i vegen, og stoppar når eg kjem ut på brua med grønmåla rekkverk. Lufta er ekstra frisk her mellom trea og vatnet i elva. So snur eg og tek til på vegen oppatt, langs hovudvegen no. Eit mjukt, kaldt prikk i bakhovudet. No er tida inne, tenkjer eg, og endå eit drypp treff handa mi, mellom tommel og peikefinger denne gongen. Snart er asfalten dekt av svarte prikkar som dannar eit tettare og tettare mønster på vegen. Andre folk som går langs vegen set opp farten litt, men eg dreg berre hetta på jakka halvvegs over hovudet og held fram i same tempo som før. Vi er vener, regnet og eg, og ein veit gjerne når venene dine kjem på besøk.

Translation: Finally the rain came, and I walked out to welcome it.

1 kommentar:

motionocean sa...

Så fiiiint å lese! Får sånn godfølelse!