mandag 2. januar 2012

I 2012 skal eg:

- Bli kjend med nye insekt.
- Skaffe ein gul kjole.
- Bli flinkare til å ha sløyfe i håret.
- Lære meg fleire latinske namn på knoklar.
- Kommentere meir på fine bloggar.
- Reise til ein heilt annan del av kloden.
- Skrive ferdig nokre av dei songane som eg aldri heilt fekk til.
- Søkje på lærarutdanning i Volda.
- Besøkje vener oftare.
- Ete minst fem ting som eg aldri har smakt før.
(Har dokke noken nyttårsforsett?)

Translation: I have decided that 2012 shall be an exciting and wonderful year.

søndag 1. januar 2012

Preraphaelittar

Nytt år betyr ny kalendar. Ein med vakre måleri frå den preraphaelittiske brorskapen.
(og sånn i tilfelle dokke har lyst til å sjå januarbildet skikkeleg:)
"When Apples Were Golden and Songs Were Sweet" av John Strudwick

Translation: This is now my calendar for 2012 looks like.

lørdag 31. desember 2011

"I rock"


Filmen "Stranger Than Fiction" er ein av dei søtaste eg har sett på lenge. Riktignok fekk eg ikkje med meg starten av filmen, diverre, men det eg såg var i grunn litt magisk. Kulissane, folka, replikkane, alt stemmer liksom slek at ein berre må setje seg ned og sjå.

Translation: I strongly recommend that you see the film "Stranger Than Fiction".

torsdag 29. desember 2011

Om dansande, ulukkeleg forelska graner

Å danse runddans med dei til dei knekk, det kan ho Dagmar,
 og so fell dei pladask for ho,
og dei ensar ikkje at dei ligg over vegen og må flyttast og stablast,
for dei har dansa med Dagmar.

Translation: This is how our road looked like after the hurricane called Dagmar had danced with the trees.

lørdag 24. desember 2011

God jul!

Då eg var lita, so tykte eg at Askepott var den tøffaste jenta som fanst, (tenk om ein kunne ridd på ei kvit hest, vore flinkare enn prinsen til å skyte, og få so fine kjolar utav hasselneter),
og eg skulle ynskje eg kunne synge like fint som Sonja, 
og so ville eg vere like snill som Karl-Bertil Jonsson.
Og sånn er det i grunn framleis.
Eg vonar dokke alle får ei strålande jul, med varme, gode tankar og ord, og forhåpentlegvis litt magi.


Translation: I wish you all a Merry Christmas!

fredag 23. desember 2011

I mårå

Vi har ei bestestøve. Den bestestøva luktar no av kvåe (kvae) og julegåvepapir, og når ein går inn treng ein ikkje skru på lyset. Det er fordi juletreet skin so fint av lys og kuler og fuglar og konglar og glitter, at ein ser det ein treng sjå.
I mårå er det julafta!

Translation: Tomorrow it is Christmas Eve!

torsdag 22. desember 2011

Peparkakebaking + nerding

Fyrst vart det litt biologi. Månen fekk ekstra krum hake og større nase (fordi det er eit biologisk faktum at masa og haka er delar av kroppen som veks gjennom heile livet), og dei to karane er læraren vår sin måte å teikne B-lymfocyttar og T-lymfocyttar i teikneserien han lagde til oss den siste biologitimen før jul.
 So vart det litt eventyrfigurar, med Gandalf Grå og ei havfrue,
 og so vart det litt litteraturnerding: Mr. Darcy (Pride and Prejudice), Fancy Day (Under the Greenwood Tree) og Mr. Bumble (Oliver Twist).

Dessutan fann eg og mamma ut at ein eigentleg burde hatt ei vifte som førte bakelukta ut i gongen, sånn at viss ein hadde fått besøk medan ein bakar, so hadde gjestane kommentert lukta, sånn at det vart naturleg at vi baud dei inn på nybakte kaker og slikt, og gjerne ein køpp te.

Translation: This year we made the gingerbread persons into famous characters from books, as well as some jokes with biology.