Viser innlegg med etiketten biologi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biologi. Vis alle innlegg
lørdag 7. april 2012
onsdag 4. januar 2012
Biologiveke
Midt i ei biologiveke, so er det ekstra kjekt å høyre om nye artar. Når dei i tillegg er so pass ekstreme som desse, særleg på med tanke på at skaldyr har utvikla seg i eit so surt miljø, so frydar ein biologielev seg.
Gå inn på dagbladet.no for meir info og bilete (alle bileta er henta derifrå).
Translation: Being a student of biology, these photographs, and the article where they're from, really amaze me and make me very happy.
Gå inn på dagbladet.no for meir info og bilete (alle bileta er henta derifrå).
Translation: Being a student of biology, these photographs, and the article where they're from, really amaze me and make me very happy.
torsdag 22. desember 2011
Peparkakebaking + nerding
Fyrst vart det litt biologi. Månen fekk ekstra krum hake og større nase (fordi det er eit biologisk faktum at masa og haka er delar av kroppen som veks gjennom heile livet), og dei to karane er læraren vår sin måte å teikne B-lymfocyttar og T-lymfocyttar i teikneserien han lagde til oss den siste biologitimen før jul.
So vart det litt eventyrfigurar, med Gandalf Grå og ei havfrue,og so vart det litt litteraturnerding: Mr. Darcy (Pride and Prejudice), Fancy Day (Under the Greenwood Tree) og Mr. Bumble (Oliver Twist).
Dessutan fann eg og mamma ut at ein eigentleg burde hatt ei vifte som førte bakelukta ut i gongen, sånn at viss ein hadde fått besøk medan ein bakar, so hadde gjestane kommentert lukta, sånn at det vart naturleg at vi baud dei inn på nybakte kaker og slikt, og gjerne ein køpp te.
Translation: This year we made the gingerbread persons into famous characters from books, as well as some jokes with biology.
torsdag 1. september 2011
Haustfint #4: Sopp
Fyrst: hurra for september! Og i år starta yndlingsmånaden på ein særs passande måte, nemleg soppplukking i biologien. Det blir slek når biologilæraren er soppkontrollør og når mårningen (morgonen) er solfylt og akkurat passe varm, i allefall i den siste av dei tre timane. Før det høver det jo gødt å lære litt meir om kor fantastisk kule soppane er, både røyksoppar og stanksoppar, og lat oss ikkje gløyme slimsoppar, som kan gå og i grunn er som ein diger klatt med titusenvis av cellekjerner innanfor same membran.
Som ein konsekvens av denne opplysinga, so draksa eg mamma og pappa og hunden ut i skogen for å teste ut mine nye kunnskap om dette riket. I tillegg til den vanlege kantarellen, vart ei halv korg kvit piggsopp og ein gedigen steinsopp med heimatt, og vi observerte slørsoppar og smørsopp og flugesoppar.
Som ein konsekvens av denne opplysinga, so draksa eg mamma og pappa og hunden ut i skogen for å teste ut mine nye kunnskap om dette riket. I tillegg til den vanlege kantarellen, vart ei halv korg kvit piggsopp og ein gedigen steinsopp med heimatt, og vi observerte slørsoppar og smørsopp og flugesoppar.
Translation: Mushrooms are incredibly fascinating beings, both in the way they are built, the way they spread as well as all the stories connected to them. In biology classes we've learned about mushrooms this week, and today we went out to gather as many as we could find.
torsdag 9. juni 2011
Slikt ein kjem til å sakne
I dag var min absolutt siste ordinære dag som andreklassing på vidaregåande. Vel, ordinær va' den kanskje ikkje, ettersom den gjekk med til to gitarkonsertar og ein basskonsert, ein film og ein norsktime med konkurranse og sjokolade. No har det dessutan gått opp for meg at eg ikkje skal bruke denne boka meir, den det står "Tore den vesle" på fordi den som hadde boka før meg no heiter Tore den store.
I tillegg er eg ferdig med biologi 2, og i dag fekk eg helse på det ferdige blodpreparatet mitt (sjølv om det var noko gale med det, slik at vi fekk ikkje stadfesta at eg var jente), og så måtte eg seie hadi til det òg. Eg kan trøste meg med at utstryket i det minste var tynt og fint. Til hausten er vi dei største, dei skumlaste, og kanskje dei reddaste.
Translation: When autumn arrives, I will be amongst the oldest, the most frightening and perhaps the most afraid.
tirsdag 10. mai 2011
Pust
... men helst ikkje over klorofyllektrakten, den med den veldig fine fargen som vi framstilte i biologien, og som vart raud i henda under UV-stråling, og grøn på papiret,
og som gjorde henda grøne og plante-luktande. Men det gjer ikkje noke, for biologilæraren vår kjøpte nemleg ikkje berre plantar på butikken, men sjokoladehjarte til oss òg,Og den dagen ein endeleg, etter fleirfaldige veker, finn ut at i DAG skal eg vere att på open skule, so serverer dei taco til middag, og der er jazzkonsert etterpå med nokre av dei mest imponerande musikarane eg veit om, og ein ler so himla mykje. Heimvegen såg i tillegg slik ut:
Eg har pusta masse i dag, og det håpar eg du òg har gjort, gjerne pga latter.
søndag 29. august 2010
I mårå blir det utflukt
... med biologiklassa, og vi ska vere vekke i tre dagar, og eg tvilar litt på om eg får særleg tilgong på datamaskin. Vi ska studere eit vatn, og eg gledar meg! So no må eg begynde å pakke tjukkegensarar, utebukser, støvlar, labbar og skjerf. Og sjølvsagt nokre porsjonar te og "The Wee Free Men".
Translation: Tomorrow will be the first of three days on a field trip with my biology class. I'm really looking forward to it!
Abonner på:
Innlegg (Atom)