onsdag 1. september 2010

Draumekrønike?

Kvart på tre i ettermiddag var eg på veg over skuleplassen med raude støvlar og flanellskjorte, ulltrøye og joggebukse, samt ein overfyllt bag med tjukke klede og fjellsko i. I motsetning te duskregnet og dei grå skyene som var på himmelen der eg hadde vore for ein halvtime sidan, var det no sol og vindstille, og her og der såg eg folk i kortebukser og solbriller. Eg kjende det nesten som om eg hadde vore ute i villmarka i veker eller månadar, eller kanskje hadde eg vore i ei anna verd der det va kaldt og røft å vere.
No sit eg med den store, varme ulljakka som ikkje fekk plass i bagen, ein kopp te og nyvaska hår, og armane mine luktar av såpe istadenfor vatn, plantar, gjørme og smådyr. Dei tre dagane som biolog e over, og vassnymfelarvar, Fuglevatnet, kjennest langt vekke no. Som ein draum.

Translation: Now I'm back from the field trip, and it all feels like a dream. Luckily I have evidence that shows Ive been there. It was incredibly interesting, we found small insects, water plants and studied small lakes. I would certainly like to be a biologist for a few days again!

2 kommentarer:

Kjersti Dahle sa...

velkommen tilbake! jeg håper det var fint å være biolog. det høres slik ut, og ser slik ut, med sjokoladepålegg og bok og strå.

norge vil ikke helt bestemme seg for hva slags vær som skal være været i år, tror jeg. det skifter hele tiden.

kanskje jeg skal begynne å tegne insekter. jeg fikk veldig lyst når jeg så tegningene dine.

Regnboge sa...

Snutebille: Takk for det, det va verkeleg fint:)

Å teikne insekt va ein veldig god idé, det e ganske morsomt, enten det blir raske arbeidsskisser eller detaljerte avteikningar^^