- Mamma som vekkjer meg med pakkar.
- Mummisengesett, cardigan og Complete Herbal som gøymer seg inne i pakkane, og til og med eit fint kort med engel på.
- Ein norsklærar som les heimestilen min høgt.
- Å dele ut stykker av sjokoladekaka i matpausa og få masse klemmar før nokre av venen finn ut at dei ska synge, ogso klappar alle dei som e i kantina.
- Å gå i ein butikk der ein kan småprate litt med ho som står bak disken, ogso spør ho heilt tilfeldig kor gamal eg e no, og når ho får vete at eg har bursdag i dag, so seier ho at då må eg få is! Ogso takkar eg nei og seier at det e 'kje nødvendig, og då vimsar ho litt og finn fram to kjærleikar på pinne og seier at viss eg ikkje ve ha is, so må eg ha kjærleik på pinne.
- Å kjenne at fjella heime e blitt lågare sidan i dag tidleg, og at ein endeleg ikkje trenge å leike at eine sytten år (når vi leika store før, va eg alltid sytten).
- Eit utal (som blir ganske so positivt) gratulasjonar frå fine folk når ein kjem heim og sjekkar e-post og hugsar at ein har mobiltelefon.
- Høyre på fine songar som te dømes Nine In the Afternoon av Panic" At the Disco.
Translation: It feels like I've been sixteen for a very long time, but suddenly (and finally) I am seventeen. When I was a child and we pretended to be older, I always wanted to be seventeen. So today I've opened a few presents, recieved lots of hugs and congratulations.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar