søndag 20. mars 2011

Hegrekjærleik

Fordi eg syns tradisjonell kinesisk kalligrafi e fantastisk fint. Viss eg skulle reist ein plass berre på inspirasjonreise, so hadde det nok blitt Kina. Der skulle eg ha budd i eit lite hus i ein passe stor landsby i nærleiken av nokre fjell med vakre elvar, og bambusskogar like ved. Kvar dag skulle eg gått på spasertur gjennom gatene eller opp i høgda, saman med det eldre ekteparet som eg bur med. Ho skulle vere søt og varm, og ei sånn som finn på grunnar til å synge heile tida. Han skulle kunne namna på alle dyr, plantar og fuglar vi ser, samt forteljingar om kvar einaste ein. Når vi kom heim skulle ho hjelpe med med å trekke te, for eg skulle kunne det nesten, etter å ha prøvd sytten gongar. So skulle han invitere nokre naboar på besøk, slik at alle kunne smake den fyrste skikkelege teen min. Etterpå skulle eg kanskje ha måla litt saman med han og barnebarnet som av og til kom på besøk, eller kanskje høyrt på henne som spelte erhu om kvelden, etter at sola hadde gått ned.

Translation: I want to go to China, to learn how to brew tea, paint traditional calligraphy, and to listen.

Ingen kommentarer: