Viser innlegg med etiketten framtid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten framtid. Vis alle innlegg

søndag 20. mars 2011

Hegrekjærleik

Fordi eg syns tradisjonell kinesisk kalligrafi e fantastisk fint. Viss eg skulle reist ein plass berre på inspirasjonreise, so hadde det nok blitt Kina. Der skulle eg ha budd i eit lite hus i ein passe stor landsby i nærleiken av nokre fjell med vakre elvar, og bambusskogar like ved. Kvar dag skulle eg gått på spasertur gjennom gatene eller opp i høgda, saman med det eldre ekteparet som eg bur med. Ho skulle vere søt og varm, og ei sånn som finn på grunnar til å synge heile tida. Han skulle kunne namna på alle dyr, plantar og fuglar vi ser, samt forteljingar om kvar einaste ein. Når vi kom heim skulle ho hjelpe med med å trekke te, for eg skulle kunne det nesten, etter å ha prøvd sytten gongar. So skulle han invitere nokre naboar på besøk, slik at alle kunne smake den fyrste skikkelege teen min. Etterpå skulle eg kanskje ha måla litt saman med han og barnebarnet som av og til kom på besøk, eller kanskje høyrt på henne som spelte erhu om kvelden, etter at sola hadde gått ned.

Translation: I want to go to China, to learn how to brew tea, paint traditional calligraphy, and to listen.

lørdag 23. oktober 2010

Ein laurdagsmorgon i nokon si framtid

I dag fann eg ut at Jamie Cullum si stemme passar perfekt til laurdags- og søndagsmorgonar når du ein gong i framtida skal steikje pannekaker og har ein mann og nokre ungar som ligg og søv ein annan stad i huset, ogso når "What a Difference a Day Made" e midtveis, so kjeme mannen din og overraskar deg med å halde armane rundt deg og syngje "... and the reason is you" inn i øyret ditt ilag med CDen ogso gløymer du pannakaka ei lita stund, som visst blir ei litt lang stund, slik at akkurat den pannekaka blir ekstra mykje steikt, og so seier du til mannen din at "Neste gong må du hugse å skru ned varmen før du overraskar meg sånn!".
So delar dokke den svidde pannekaka og du veit at han aldri kjem til å hugse på det, og at det e du glad for, for det e den pannekaka som smakar best.

Translatoin: Perhaps someday you'll stand in the kitchen making pancakes while your husband and children are alseep, and listen to the voice of Jamie Cullum, and then when "What a Difference a Day Made" is half-way, your husband surprises you by putting his arms around you and singing "... and the reason is you" into your ear, and then you'll forget the pancake for a little while that turns into a longer while, and when you get back the pancake is close to burnt, and you say to your man that "You have to remember to turn down the oven next time!".
Then you split the it between you and you know that he'll never remember it, and you're happy to know that, because it is exactly that pancake which is the best.