På ei av mine runder rundt i hagen, fann eg dette tomme hylsteret av ei bille. Det er rart å kome over slike skal, for dei er so skjøre og lette i forhold til det robuste vesenet ei levande bille er. Det er som om ingenting kan skade dei, men likevel kan ein kome over nokre som har blitt mat for andre, og med eitt er rustningane deira so lette og tynne at ein berre so vidt torer å plukke dei opp.
Natanja vart nyfiken og måtte forsikre seg om at det ikkje var noko godt til henne.
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
lørdag 13. juni 2015
torsdag 12. april 2012
Vilt observert i dag
tirsdag 20. mars 2012
Om å gå i mørket
Om å sløkkje lommelykta før ein lang sving. Om å dra regnhetta av hovuded og stoppe opp. Lytte. Å late dei kvite stripene på sida av vegen, late den blånke asfalten vere einaste kjelde til lys. Halde ekstra hardt i hundebandet, runde svingen medan du høyrer lyden av rennande, drypande vatn rundt deg. Stopp. Hald hunden tilbake. Tenn lykta og lat den sveipe over grasbakken. Der er dei. To hjortar som står heilt i ro og ser mot lyset. Gjøing.
Om å følgje dei springande kroppane, hoppande. Ikkje redde, berre litt usikre. Ein ynskjer å vere trygg. Ein senker lykta. Ein står fem meter frå eit ungdyr, brunt med regnvått andlet. Rett framfor deg, med dråpar blenkjande i pelsen på halsen.
Du må gå i mørket.
Om å følgje dei springande kroppane, hoppande. Ikkje redde, berre litt usikre. Ein ynskjer å vere trygg. Ein senker lykta. Ein står fem meter frå eit ungdyr, brunt med regnvått andlet. Rett framfor deg, med dråpar blenkjande i pelsen på halsen.
Du må gå i mørket.
mandag 16. januar 2012
Utan fargar
Nokre gonger gløymer ein fargane. Stavane i auget vil ikkje registrere fargane, det er djupna, konturane som er viktige. Nødvendige. Ein jeger kan ikkje sikte utan, og det er difor ein av og til må late byttet røme. Fargane er der, forstyrrar, fokuset flyttar seg hjelpeslaust omkring utan å finne festepunkt. Eigentleg er det godt å ikkje sjå skikkeleg, og seinare hugsar ein utan fargar. Det er linjene som sit att.
Translatoin: Without colour.
Translatoin: Without colour.
onsdag 4. januar 2012
Biologiveke
Midt i ei biologiveke, so er det ekstra kjekt å høyre om nye artar. Når dei i tillegg er so pass ekstreme som desse, særleg på med tanke på at skaldyr har utvikla seg i eit so surt miljø, so frydar ein biologielev seg.
Gå inn på dagbladet.no for meir info og bilete (alle bileta er henta derifrå).
Translation: Being a student of biology, these photographs, and the article where they're from, really amaze me and make me very happy.
Gå inn på dagbladet.no for meir info og bilete (alle bileta er henta derifrå).
Translation: Being a student of biology, these photographs, and the article where they're from, really amaze me and make me very happy.
søndag 4. desember 2011
torsdag 17. november 2011
Ein katt ved namn Pippi
Fordi ho kan vere høgt.
Fordi ho kan vere lågt
Og fordi ho kan vere akkurat passe midt i mellom.
Her er dessutan begge pelsfiningane som eg helste på i går, då eg var på overnattingsbesøk.
Translation: A cat by the name of Pippi, because she can be high and low, or just in the middle of everything.
torsdag 10. november 2011
Pusekattar (+ konkurranse?)
På veg til ein fin hybel høyrde vi små tassande føter bak øss, og so hoppa ein svart pelsdott opp på muren ved sidan av og og sprang heilt til den kom litt føre oss. Då gjorde den seg fin og kosete og viste fram dei vakre, gulgrøne augene og den bustete halen, sånn at vi berre måtte klappe og klø den litt bak øyret. Pelsen va veldig mjuk og varm.
Men pusen va' 'kje so flink til å posere lenge nok om gongen.
Men pusen va' 'kje so flink til å posere lenge nok om gongen.
So litt konkurranseprat: eg kunne tenkt meg at bloggen fekk seg ein ny bunad, ein som er litt meir spesiell for akkurat dinna bloggen her. Sidan eg ikkje har so veldig god peiling på sånt, so lurte eg på om du er flink til å lage blogglayoutar og kunne tenkje deg å hjelpe?
Sidan det er konkurranse vil det bli premie til det forslaget eg likar best, og eg håpar det blir noke litt mjukt og lunt, noke som kan få ein til å smile.
Endå er ikkje premien heilt ferdig uttenkt, står mellom eit par alternativ, men viss eg blir fornøgd med det resultatet som blir levert, so blir det endå kjekkare å premiere deg med ein triveleg premie.
Translation: A cat me and my friend met here the other day.
torsdag 22. september 2011
Forms of the forests (litt materialisme)
Den nyaste t-skjorta mi mønstrar seg slik, og det var ei slik eg hadde sett lengselsfullt mot då den kom i butikken i vår, og i august vart den mi,
Denne veska kom bror min heim med etter at han i vinter hadde vore tre månadar i York, og viser eit utdrag frå ein tapet. No gøymer alle hårsløyfene mine seg dar Denne har budd hjå meg sidan i fjor sommar, og den er av den typen ein finn i nesten alle indianarbodar, men den er so god at eg kan sitte på rommet mitt heilt utan varme på, og likevel ikkje fryse det grann.
(Og i dag hadde vi forresten vår andre time med kinesisk. Det lovar bra.)
Translation: Three of my favourite textiles at the moment. I had been wanting the t-shirt since spring, and finally bought it in August, the bag I got from my brother, and that's where all my bows hide themselves when they're feeling too shy to be in my hair, and the jacket is the kind of jacket that you find in all Indian booths in this country, but I love how I can avoid turning on the heat in my room because of it.
søndag 4. september 2011
Hovudføtingar
Broren viste meg dinna linken, og noke so fint må berre delast med so månge som mogeleg. Hovudføtingar er verkeleg utrulege skapningar.
mandag 22. august 2011
Tre smileting på ein måndag
1. Studie med jordbærte og sukker + historie&filosofi om fortid, notid og framtid.
2. Hybelpizza utan oppskrift, so vart verdas beste hybelpiza nokon gong.3. Piggsvin som kanskje er litt for små til å forstå kor stor verda er.
Translation: Three things to make you smile on a Monday.
mandag 13. juni 2011
Ein prins
Kanskje, viss eg hadde kyssa han, hadde han blitt til ein prins. Men eg vil eigentleg ikkje ha ein prins, so difor let eg det vere med det.
Translation: Perhaps, if I had kissed him, he would've turned into a prince. But I don't really wish for a prince, so I let it be.
fredag 1. april 2011
Torsdagshelg
dinna veka starta helga på torsdag, med danseframsyning (Candoco Dance Company),
knekkebrødbaking med masse frø saman med tremeningen ein overnattar med,
Translation: This week, the weekend started Thursday with a dance perfomance by the Candoco Dance Company, followed by crisp bread-baking and aquainting our dog's half-sister.
tirsdag 22. mars 2011
Wonderful Life
... I alle fall viss eg snart kunne sett litt folk att (nokre har eg ikkje sett på snart to veker, fordi dei var i Spania). Dagane blir gjerne halvvegs repetisjonar av seg sjølve når ein ikkje kjem seg dit ein aller helst vil, til biologiforsøk, te- og Barcelonaprat og teater. Slik var det i går òg:
Heldigvis var lufta tidvis tom for regn, og sola sa hei ein gong eller to òg. Og Hjortane sa hei, på sin måte, sjølv om dei var mest opptekne av mat.
Det vart litt betre når ein kunne gå rundt i ein raud gensar med blomar på (og sola bestemte seg for å skine akkurat då eg bestemte meg for å ta bilde, så både halsen min og gensaren vart alt for lyse, og då eg redigerte vart halsen gusjegrå. Eg trur ikkje husa mi ser heilt sånn ut i røynda).
Ein ting te: tenk at der finst slike som kan skrive so kraftfulle, nydlege tekstar som går rett inn til hjartet og pakke dei inn med rocka rytmer og riff til ein vakker mannleg vokal på same måten som Alter Bridge gjer det her og her og her (til dømes)!
Translation: When you live close-up to the nature forces, the days sometimes repeats themselves partly. Even though that often isn't too bad, I wish I could've been able to see my friends (some whom I haven't seen for nearly two weeks), finish the experiments in biology, and to to the theatre tonight.
Fortunately, it didn't rain all the time today like yesterday, so I took a walk and met up with some deer, and wore the red sweater I got recently from my father's aunt.
onsdag 16. februar 2011
Vi gjer sola smør
I dag kom sola på tunet vårt, og vi kunne endeleg gje 'o smør (vi gjer alltid det fyrste soldagen).
Translation: Today we had the sun at home, and we gave her some butter (a tradition we have)-
onsdag 9. februar 2011
Sledehund og tigerhund og kosehund
Hunderasa hunden vår høyrer til er eigentleg sledehundar (men dei vart òg brukt te tigerjakt, har eg høyrt). I alle fall so elskar ho snøven.
Translation: She loves snow.
fredag 4. februar 2011
Rart regn?
Visste du at det kan regne kattungar?
Det va i alle fall det den litt eldre dama sa
Det må ha sett litt rarfint ut,
Men eg va for oppslukt av Shakespeare og Herrick til å sjå ut
og vere litt tyngre å få i hovudet enn vanleg regn.
Eg håpar folk hadde paraplyar
Translation: During the whole-day test today, the woman who was there to be certain that none of us cheated, said it was reaining kittens. I was too immersed in shakespeare and Herrick to notice.
Det va i alle fall det den litt eldre dama sa
Det må ha sett litt rarfint ut,
Men eg va for oppslukt av Shakespeare og Herrick til å sjå ut
og vere litt tyngre å få i hovudet enn vanleg regn.
Eg håpar folk hadde paraplyar
Translation: During the whole-day test today, the woman who was there to be certain that none of us cheated, said it was reaining kittens. I was too immersed in shakespeare and Herrick to notice.
onsdag 2. februar 2011
fredag 14. januar 2011
Den finaste hunden eg veit om
I dag, då eg kom opp bakken og kom forbi nabohuset (med ein litenstor bø imellom) høyrde eg plutseleg ei høgfrekvent piping frå huset vårt, og på trappa sat ho her dama her og va so selskapssjuk. For bror min e reist, og ho veit at han e reist lenger enn berre te Trondheim, sjølv om vi ikkje har sagt det te 'o. Og ho saknar han fælt. So når det endeleg kjem noken som kan kose og leike litt, so e det ikkje måte på kor ho utnyttar det.
Translatoin: Our dog misses my brother (she knows he went further away than he usually does, even though we didn't tell her), so she appriciates every moment of attention she can get.
mandag 10. januar 2011
Ulv, ulv!
Eller berre ein søt person som tilfeldigvis skulle ha teaterframsyning (trur eg) og stakk opp i kantina før det begynte, sånn at vi skulle få sjå. Kanskje vi har eit nytt kallenamn te ho no?
(det e den kulaste sminka eg har sett på lenge. smilefjes)
Translation: One of my friends looked like this today. It's the most awesome make-up I've seen in a long time!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

