Denne asaleaen fekk pappa til gebusen i romjula, og no står den midt på karmen til vindauget som vender mot aust, litt omringa av runde, grå steinar (når vi er ute, so finn vi stadig vekk vakre steinar i elva og på vegen, ogso tek vi dei med oss og hugsar ikkje at vi eigentleg ikkje har nokon plass å leggje dei. Derfor legg vi dei i glaskarmen inntil vidare). Gardinene i støva vår er dessutan dei finaste, og dei har vore der i omlag tredve år, heilt sidan bestemor kjøpte dei.
Asaleaen er for tida flankert av to kvite orkidear. Ein av dei fekk pappa òg til gebusen, medan den andre fekk vi som julehelsing, om eg ikkje tek heilt feil. Dei vinklar seg so fint at dei lagar ein boge, nesten, over asaleaen, og rett over den fyk ein papirtrane.
Translation: This is what my mother had placed in our window this morning.
3 kommentarer:
Så flott! Blomster og planter gjør meg glad. Jeg kjøpte tulipaner i går, de er lyserosa og jeg smiler hver gang jeg ser dem på bordet.
Blomster i vindauget er så fint! Eg må lære meg å ta vare på dei så eg ikkje tørkar ut alle blomane mine.
For et fint og hjemmekoselig vindu! Jeg liker å omgi meg med blomster, selv om jeg er for distré til at jeg klarer å ta meg av dem alene over tid - enda godt jeg bor sammen med søsteren min, slik at hun kan vanne dem når jeg glemmer det.. Origiamifugler er inspirerende!
Legg inn en kommentar