Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fargar. Vis alle innlegg

fredag 10. februar 2012

Grøn kjærleik

Dette er den mest perfekte grønfargen å ha på neglene, tykkjer eg.

Translation: this is my favourite green nail polish.

mandag 23. januar 2012

新年好

I dag går kinesarane inn i dragens år. Kanskje var det derfor nordlyset dansa so mykje i natt?





Translation: Today the it is the Chinese New Year. Perhaps that is why the nothern lights danced in such a magnificent manner this night?

mandag 16. januar 2012

Utan fargar

Nokre gonger gløymer ein fargane. Stavane i auget vil ikkje registrere fargane, det er djupna, konturane som er viktige. Nødvendige. Ein jeger kan ikkje sikte utan, og det er difor ein av og til må late byttet røme. Fargane er der, forstyrrar, fokuset flyttar seg hjelpeslaust omkring utan å finne festepunkt. Eigentleg er det godt å ikkje sjå skikkeleg, og seinare hugsar ein utan fargar. Det er linjene som sit att.

Translatoin: Without colour.

lørdag 7. januar 2012

Om eit vindauge (når det er blomar i huset + ei mamma som ryddar og vaskar og pyntar)

Denne asaleaen fekk pappa til gebusen i romjula, og no står den midt på karmen til vindauget som vender mot aust, litt omringa av runde, grå steinar (når vi er ute, so finn vi stadig vekk vakre steinar i elva og på vegen, ogso tek vi dei med oss og hugsar ikkje at vi eigentleg ikkje har nokon plass å leggje dei. Derfor legg vi dei i glaskarmen inntil vidare). Gardinene i støva vår er dessutan dei finaste, og dei har vore der i omlag tredve år, heilt sidan bestemor kjøpte dei.

Asaleaen er for tida flankert av to kvite orkidear. Ein av dei fekk pappa òg til gebusen, medan den andre fekk vi som julehelsing, om eg ikkje tek heilt feil. Dei vinklar seg so fint at dei lagar ein boge, nesten, over asaleaen, og rett over den fyk ein papirtrane.

 Translation: This is what my mother had placed in our window this morning.

søndag 6. november 2011

Om glasflasker

Den fyrste glasflaska eg fekk, var djup blå (djupare enn på bildet under), og fungerte ei stund som flaske til blåbærsafta som eg helte ut nokre dråpar frå på ein stein, for å lage blåveir då eg va lita.
Dei to neste flaskene vart med heim etter å ha funne fram alle dei gamle saftflaskene i farmorkjellaren. Den grøne i midten av biletet og den brune litt nedanfor til høgre, dei står på bordet her heime no.
I dag fann eg ei ny flaske som blir med i samlinga mi av farga glasflasker, og inneheldt tidlegare avalkoholisert kyrkjevin og har ein liten rullring på tuten.
 
Translation: I like bottles of coloured glass very much, and here you see a few bottles that have found their way to my home.

mandag 24. oktober 2011

Haustsol

ingenting er som den mjuke, varme ettermiddagssola etter fleire veker med regn, regn, regn. I dag tidleg var det tilogmed so klårt at eg kunne sjå stjernene i det dei sakte men sikkert gjekk til sides for å la sola spele rolla si.

Translation: Nothing is like the soft and warm rays of sun in the afternoon after weeks of clouds covering the sky. This morning I could even wake up to the slowly fading morning stars, due to the clear sky.

fredag 2. september 2011

Plome og bringebær

Berre fordi desse fargane ilag gjer meg glad i dag.

Translation: Just because these colours makes me happy today.

torsdag 4. august 2011

Fargemoro

- Vassfargar på tube
- Mjuke penslar som formar seg finfint
- To gamle aviser
- Eit yoghurtbeger med vatn
- Ei teikneblokk
- Ingen idé (det kjem av seg sjølv)

Og ein kan gjerne leggje til grøn te og ein japansk film, eller grøn omelett (berre ha i eit par moste blåbær, so blir den grøn på eit vis).

onsdag 6. juli 2011

Jordbær x 3

1. Jordbær i skål.
 2. Jordbærkjole.
 3. Jordbærdukvekt.

 Translation: Three strawberry things.

tirsdag 31. mai 2011

Overflater

1. Knudrete, lause skine-i-sola-grusoverflater.
 2. Rolege, våte over sølvluftperler-og-fisk-overflater.
 3. Sprukne, farfarblå garasjevegg-planke-overflater.

Translation: So many pretty surfaces were revealed by the sun today.

onsdag 23. mars 2011

Electron Blue

 1. Blå strofe frå ein blå song:
Adventure's made its claim on you
It's all you want to do (do)
You (You)
You know where to run
You run Electron Blue.

2. Innsida av den blå flaska som står i glaskarmen i støva, den det står "Spain" under,

3. Blå sløyfe i håret sidan eg følte for det

Translation: Blue bottles, bows and music.

lørdag 8. januar 2011

Med blå føter

Eg visste ikkje at det fanst fuglar med blå føter før no.
Og trur du ikkje dei e blå på innsia av nebbet òg?
Og sånn ser dei vaksne ut:
Dei bur på Galapagosøyene, so vel som nokre andre øyar derikring. 


Translatoin: I had no idea it existed birds with blue feet until now. The bird is called blue-footed booby, and lives on some islands in the Pacific.

onsdag 8. september 2010

Stjernehimmelblå

E det ikkje fantastisk at ein kan sende melding til ho vakraste der det står "Sei ein farge", ogso når ein får svar so står det "stjernehimmelblå!" med stort smilefjes etterpå?
Same kvelden rota eg litt i neglelakkmappa mi, og dar fann eg ein farge som vart litt stjernehimmelblå, og då vart eg glad!

Translation: Isn't it just wonderful when you ask one of your friends to say a colour and she replies "starry-sky-blue"?

mandag 6. september 2010

Om verdsrommet sine realitetar

I går natt let eg vindauget på rommet mitt stå ope, og då høyrde eg plutseleg fine stemmer utanfor. Eg trur det va ein uglefamilie som sat og såg på stjernene medan uglepappaen prøvde å forklare at dei lysande prikkane dei såg på ikkje er ballar av gass, slik som menneska og vortesvin seier, men lyset frå byar og verder som lever på ryggane til skjelpadder som flyt rundt i eit stort uendeleg hav utanfor.
"Meiner du at det e hav rundt oss på alle kantar, pappa?"
"Nei, vesla, det veit eg."
"Jamen, kvifor e ikkje vi klissblaute, då, pappa?"
"Det e fordi det e ein gullfiskbolle over landet vårt, det."

Translation: Last night I heard the owls speak, and I think they talked about the universe and the stars, that in reality aren't balls of gass, but in fact lights from other worlds that exist on the backs of tortoises swimming in a great ocean outside. The reason why we're not soaked, is that there's a huge fish bowl over our heads.

onsdag 25. august 2010

Om fargar

I dag var ein ganske so fargerik dag. Då vi skulle ha engelsk hadde nokre italienarar okkupert klasserommet våt og heldt på å lære litt norsk, kan det sjå ut som, ettersom følgjande va det dei la igjen:
Eg lurer på om lukketrollet fekk litt ekstra fargar inn i munnen då ho tok litt for mykje krydder på?
Knea våre vart iallefall regnbogefarga, fordi det va litt kjølig, sånn at ein heilt fint kunne ha strikka lappeteppe over knea medan ein åt nista.
Og vi prøvde ut nye koppar te teen. Dei funka fint.

Translation: Today was colourful. Italian students who wants to learn Norwegian left a note in out English room saying "Bjørnar" (a Norwegian name), "bus" and "Liv" (also a Norwegian name, but could be used in the meaning of "life"). In the cafeteria there were new, colourful tea cups, so we tried them out (and they worked perfectly fine).