"Du mamma, kan ikkje du ta og lage litt havregrynsgraut no?"
"Okay."
Og so kom vi heim frå biltur til rykande fersk kvelds, og nete (nøtter) og eple og kanel. Og grøn te.
Translation: It's nice to come home to fresh porridge.
Viser innlegg med etiketten mamma. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mamma. Vis alle innlegg
mandag 6. februar 2012
lørdag 7. januar 2012
Om eit vindauge (når det er blomar i huset + ei mamma som ryddar og vaskar og pyntar)
Denne asaleaen fekk pappa til gebusen i romjula, og no står den midt på karmen til vindauget som vender mot aust, litt omringa av runde, grå steinar (når vi er ute, so finn vi stadig vekk vakre steinar i elva og på vegen, ogso tek vi dei med oss og hugsar ikkje at vi eigentleg ikkje har nokon plass å leggje dei. Derfor legg vi dei i glaskarmen inntil vidare). Gardinene i støva vår er dessutan dei finaste, og dei har vore der i omlag tredve år, heilt sidan bestemor kjøpte dei.
Asaleaen er for tida flankert av to kvite orkidear. Ein av dei fekk pappa òg til gebusen, medan den andre fekk vi som julehelsing, om eg ikkje tek heilt feil. Dei vinklar seg so fint at dei lagar ein boge, nesten, over asaleaen, og rett over den fyk ein papirtrane.
Translation: This is what my mother had placed in our window this morning.
lørdag 12. februar 2011
Saftkoking
I dag tidleg lukta det sommar på kjøkenet, fordi mamma hadde teke opp nokre isboksar med saft, og so kokte ho opp med sukker i,
før ho hadde dei på glas
medan eg smakte på det rosa skummet som ho tek av safta i panna.
Det kallar eg gødt samarbeid.
Translation: Today the kitchen smelled like summer, because my mother made squash. I watched until she was done and I could taste the foam that was left. I like that kind of collaboration.
mandag 3. januar 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)