lørdag 30. juni 2012

Osloeventyr: Cocoa - on the go go!

Fordi Oslo var so utruleg fint, so kjem det til å bli ein del glimt derifrå i tida framøve.
Etter å ha høyrt om denne kakaobaren (berre ordet får ein til å smile!) frå diverse stadar på nettet, vart eg oppriktig glad då eg fekk vite at eine søskenbarnet mitt hadde fått Cocoa - on the go go anbefalt av ei veninne, og av den grunn ville ta meg med dit.

Det fyrste som slo oss var den store variasjonen av smakar, og korleis desse kunne konbinerast utan at det øydela for det faktum at det var kakao vi drakk. Det fungerer på den måten at du vel ein smak på sjølve kakaoen, (og får krem på,) før du so vel topping med ein annan smak. Eg bestilte mørk mint-kakao med rista kokos på toppen, medan søskenbarnet mitt valde karamell med oreo-topping. Eg kan trygt seie at begge desse kombinasjonane fungerte! Min var ganske mild og lett, på eit vis, medan søskenbarnet mitt sin var ein del fyldigare og litt søtare. Begge var gode, og begge smakte det dei skulle smake, samtidig som det smakte kakao.
 Sjølve lokalet var utruleg triveleg, det var ganske lite, men ikkje trykkande på nokon måte, og eit stort pluss i margen var at dei hadde ekspress-bar, sånn at om du berre fer litt hastig forbi, so kan du likevel få med deg ein god køpp kakao.
 På det bordet vi sat var det ein eukalyptus-plante som hadde fått ei lita helsing påskrive eit av blada, og det var i grunn smilefint.

Translation: in Oslo there's a cocoa bar named Cocoa on the go go, and I highly recommend that place to anyone visiting or living in the city.

fredag 29. juni 2012

Osloeventyr: Nusse

gif maker
Denne pusen her budde eg med i eit par dage. Trur de det dersom eg fortel at det var denne dama som, siste natta eg søv der, hoppa opp på magen min nett i det eg heldt på å sømne og la seg til rette og rulla ned i armkroken og murra lukkeleg?


Translation: I stayed in this fellow's house for a few days. Will you believe me if I tell you that, the last night I slept there and had almost difted off to sleep, this old lady jumped up on my stomach and made herself comfortable, eventually sliding into the crook of my arm, purring happily?

Svar

Då er eg heime og kan svare på spørsmåla ei veke seinare enn planlagt.

Hva kunne du tenkt deg å studere?
I tillegg til norsk, engelsk, naturfag og kunst&handverk (som eg kjem til å bruke i yrkeslivet) kunne eg veldig gjerne tenkt meg å ta eit semester eller to med eit tredje språk. Det hadde vore knakande flott å kunne snakke fransk flytande, eller å fått ei innføring i arabisk eller hebraisk, kanskje persisk. Eit alternativ er jo å lære seg eit keltisk språk, for eg tykkjer dei høyrest rimeleg tøffe ut.
Det hadde òg vore veldig spennande å bruke eit studieår på å konsentrere seg om historie, kunsthistorie, filosofi eller alle tre på ein gong. Slik eg ser det, så heng eigentleg alle fag saman i den forstand at dei gjev deg som menneske ei djupare forståing av både deg sjølv og andre. Difor er eg veldig for å skaffe seg kjennskap til fleire disiplinar enn berre eit par.

Hva gjør deg lykkelig?
Det skal veldig lite til for å gjere dagen min god og meg lukkeleg. Men eg trur det som oftast gjer meg lukkeleg er å observere ting, og å ha selskap i menneske som er vakre og ekte på sin måte. Det å lære noko nytt og forstå er òg noko som får meg til å kjenne meg lukkeleg og glad, når ein liten del av puslespelet fell på plass og avslører at du treng endå fire biter til for å forstå heilt og fullt, og så treng du fjorten, og slek held det fram (for ein kan jo aldri vite alt om noko).

Hva liker du ved det franske språket? 
Måten orda dansar i munnhola på, og korleis leppene formar orda. Det er mjukt og litt skarpt på same tid. Dessutan er det så mange nydelege ord, og om enn alle dei stumme bokstavane og tunge formuleringane gjer det litt kludrete å lære, så er det ein viktig del av sjarmen, tykkjer eg. Blir nesten litt mystisk

Hva slags planer har du for livet?
Heilt sidan før tenåra visste eg at det var lærar eg ville bli når eg vart stor, og den draumen held eg framleis fast ved. Det er fordi eg, på linje med mange andre unge menneske, ynskjer å gjere ein forskjell. Men heile verda blir på ein måte litt for stort for meg, så eg kjem til å konsentrere meg om menneske i 5. - 10. klasse og inspirere og lære dei så mykje som mogeleg til dei fer ut i den store vide verda sjølv.
Eg har òg planar om å gjere og å oppleve ting. Akkurat ka slags ting det måtte vere, ventar eg litt med å fastslå, alt etter ka mogelegheiter som byr seg. Men eg veit det skal bli bra.

Yndlingsdialektordene dine?
Tre av dei:
- Prins, ei. Som i hokjønnsform tyder det same som sekk. "Han tok skuleprinsa på ryggen og gjekk heimatte.".
- Troe, ei. Som i (fiske)stong. "Hugsa du å ta med troa?".
- Gadd, ein. Ei tørr, grå og gamal føre. "Opp onde [slek vi seier "under"] den berghammaren dar står det ein hundre år gamal gadd.".

Translation: Answering the questions asked.

torsdag 21. juni 2012

We Save Bees

Planen var eigentleg å ikkje gjere noke dinna sommaren.
Eigentleg skulle eg ikkje planleggje noke som helst.
Eigentleg hadde eg ingen planar.
Men i mårå rullar eg.
We Save Bees by Regnboge
(Biletet vart teke på vegen frå Fort Worth og tilbake til Keller. Denne bilen køyrde ved sidan av oss ei lita stund, eg vart forelska i teksten på døra, eg drog opp kameraet, mannen inni såg ned på meg, eg tok bilete.)

Translation: Originally I had planned not to do anything this summer. That plan failed. I'll be away for a week, leaving tomorrow.

onsdag 20. juni 2012

Alltid vidare (men med takksemd)

Å vere ute til klokka fire for å ta vare på den siste sosiale samankomsten. Å vakne på ein hybel med flotte folk og gå til skulen saman. Å høyre på rektor si siste tale på Firda vidaregåande skule. Å syngje "Å Vestland, Vestland" ein oktav lågare enn det det blir lagt opp til. Å sitje på plassen min i klasserommet ein siste gong. Å stoppe (og bli stoppa av) lærarar, medelevar og bibliotekdamer for å få og gje klemmar og varmande ord. Å tenkje på kor mange flotte menneske eg har hatt rundt meg dei siste tre åra, både med tanke på min næraste krins, men òg dei som har vore ein del av det store biletet. Å kjøpe fire bøker til den nette totalsum av 40 kroner på bibliotekutsal. Å lese meir i R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography av David Buckley. Å ete ein is. Å finne rim. Å pakke ut av trillekufforten og tenkje på at ein snart (i mårå) må pakke igjen. Og å sjå seg attende med smil og varme kjensler.


Translation: I'm no longer a high school student. Today I said goodbye to the school with its teachers, pupils, librarians, and when I look back at the last three years, I feel incredibly grateful.

tirsdag 19. juni 2012

Her om dagen

... var pappa heldig under laksefisket.

Translation: A few days ago, my father came home from fishing salmon with a very happy face.

mandag 18. juni 2012

Thåström

Her om dagen vart merksemda mi retta mot fjersynet i det dinna karen var på, med live-opptak og nokre spørsmål innimellom. Eg vart visst sitjande ei stund. Musikken og framtoninga hans fekk meg til å tenkje på ei blanding av R.E.M, Madrugada og Tom Waits, berre på svensk, og med eit særpreg som gjer at han likevel ikkje kan forvekslast med noken av dei. Det som traff meg var nok den ru stemma hans og dei ærlege og direkte tekstane, akkompagnert av tonar og akkordar som passar ypparleg inn og dannar ein nydeleg og røff heilskap.

Med songar som "
Kärlek är för dom", "Fanfanfan", "Keops pyramid", "Slepp aldrig in dom" og "Låt dom regna", veit eg at Thåström skal få halde meg med musikalsk selskap ved fleire høve.
(i overimårå svarar eg på spørsmåla de har stilt, og de kan framleis kome med ting de lurer på her)

Translation: I recently discovered the Swedish musician Thåström, and I find his lyrics honest, his voice rough  and the music as a whole is beautiful in its own way.

søndag 17. juni 2012

"Hva skal vi gjøre med friheten vår?"

"Bruke den selvfølgelig," svarar journalisten Alcide Jolivet på rival, kollega og ven Harry Blount sine spekulasjonar i romanen Tsarens kurér av Jules Verne. Åh, kor eg elskar Verne sine bøker. Måten han klarer å flette vitskaplege finurlegheiter inn i dei mest uvitskaplege situasjonar, måten har får heltane til verkeleg å vere heltar, og måten dialogane sit so bra på. Og ikkje minst korleis har klarer å snu den mest håplause situasjon til strålande triumf for våre vener.

Om du ikkje heilt veit kva du skal lese i sommar: les noko av Jules Verne. Eventyra hans passar heilt ypparleg for varme sommardagar ute i hagen eller i skogen, på bussen til ein stad langt vekke, eller inne på sofaen ein regnveirsdag.
(Verne-romanane er ekstra trivlege dersom dei luktar brukt og har gulna sider.)

Translation: I recommend that you read one or five of Jules Verne's novels this summer. Personally, I love his adventures and find them perfect for any situation.

fredag 15. juni 2012

Kreativitetspausar

Eg har funne ut at å lage blomebukettar er ein høveleg måte å vere kreativ på innimellom alle andre ting du skal få gjort når du eigentleg ikkje har so mykje tid til å ta pausar.

1. Hundeslengjer (lokalt namn. Biologisk namn: hundekjeks), forglemmegei og bevande hjarte (det er det vi alltid har kalla den, men eg veit ikkje om det er det den eigentleg heiter):

2. Tusenfryd, (hage-)jonsokkoll og oransje blomar som plutseleg dukka opp i farmorhagen:

3. Hundeslengjer, ein type klokke-blome frå hagen og graslauk:

Translation: Recently I've picked quite a lot of flowers and had a lot of fun arranging them in new ways. Whoever said chives and unwanted flowers didn't make good bouquets together with garden flowers were clearly wrong!

onsdag 13. juni 2012

Poff

No forsvinn eg inn i ei eksamensboble, og kjem ikkje ut før fredag ein gong etter at munnleg historieeksamen er ferdig. I mellomtida kan de lese vakre dikt, som til dømes William Blake (ein av mine favorittpoetar i den engelsktalande verda) sitt dikt "The Birds", eller de kan legge att spørsmål til spørsmålsrunda. Gjer gjerne begge deler.

The Birds

He. Where thou dwellest, in what grove,
Tell me Fair One, tell me Love;
Where thou thy charming nest dost build,
O thou pride of every field!

She. Yonder stands a lonely tree,
There I live and mourn for thee;
Morning drinks my silent tear,
And evening winds my sorrow bear.

He. O thou summer's harmony,
I have liv'd and mourn'd for thee;
Each day I mourn along the wood,
And night hath heard my sorrows loud.

She. Dost thou truly long for me?
And am I thus sweet to thee?
Sorrow now is at an end,
O my Lover and my Friend!

He. Come, on wings of joy we'll fly
To where my bower hangs on high;
Come, and make thy calm retreat
Among green leaves and blossoms sweet.
William Blake

Translation: Friday I will have my last exam, in history, and I will be quiet for a wee while. In the meantime, you should read some lovely poetry, for instance by William Blake. Or you could ask me some questions. Or do both.

mandag 11. juni 2012

Lukke

- Vakne frå ein draum du er sikker på har vore eit vakkert og spenningsfylt eventyr.
- Djupt raude negler.
- Brownies med jordbær, blåbær, vassmelon og krem i den siste engelsktimen.
- Oreokake og After Eight-kake i den siste historietimen.
- Molteyoghurt til kr. 5.
- Spontane klemmar.
- Å treffe fine folk på butikken når ein kjøper seg middag, og så setje seg ut på ein benk saman for å ete.
- Håret i to fletter.
- Eit piano.
- Engelskquiz.
- Vakre musikkvideoar.

Translation: Deep red nails, brownies and cakes at school, yoghurt on sale, random hugs, meeting people in the shop and end up sitting outside eating with them, braided hair, a piano, English quiz, beautiful music.

søndag 10. juni 2012

Tenthredo mesomelas

Det er det latinske namnet på denne bladkvepsen (som nesten kan sjå ut som om den vart fargelagd med neonfarga plast på 90-talet ein gong). Eg finn ikkje det norske namnet på denne arten som er ein av omlag 400 kjende bladkvepsar i landet. 

Eg trur det var ganske greit at eg tok den vekk ifrå keisarkrunene til mamma, fordi at dersom det var ei hoe såg det ut som om ho leita etter ein plass å leggje egg, noko som ikkje hadde vore det beste for blomane. Egglegginga føregår ved at hoa lagar eit snitt i bladverket på blomen og legg eitt enkelt egg i kvart snitt. Totalt legg ei hoe rundt 50 egg. Når larvane klekker vil dei ete av planten og øydeleggje den.

Den vaksne bladkvepsen lever berre i eit par dagar.

Translation: This fellow, with the Latin name of Tenthredo mesomelas, wandered around on our tiger lilies.

lørdag 9. juni 2012

Spørsmål?

Dei siste vekene har eg sett fleire nye menneske i kommentarfeltet, og det er i grunn veldig triveleg. Etter litt tenking, so kom eg på tanken om at det kanskje kunne vore aktuelt å ha ei spørjerunde. Både for gamle og nye lesarar. Ja? Sånn at om det er noko de lurer på om noko, so kan de få sjansen til å spørre, her og no? Vi seier det.

So fram til onsdag 20. juni (når eg her heilt ferdig med skulen) kan de leggje att spørsmål i kommentarfeltet (eller per e-post eller facebook dersom om de kjenner meg der) som vil bli svara på så straks som mogeleg etter fristen.

Translation: as a result of seeing new people commenting on my blog, I've decided to let you ask as many questions as you like, and then I'll leave a post answering them sometime after june 20th.

Peppermynte

Eg har sett fleire flinke bloggarar som i det siste har laga innlegg om heimelaga te. So eg prøvde. Og eg er særs nøgd.

Translation: I tried making my own tea from fresh peppermint leaves, like I've seen so many other bloggers dp. It turned out to be very delicious.

fredag 8. juni 2012

Religions- og norsklærarar

I dag var siste religionstime, so då vart vi inviterte på frukost til læraren, som hadde kjøpt inn brød, baka horn og skillingsbollar, og funne fram all slags pålegg og drikke for ein kvar smak. Ho hadde fine plantar i vindauget.
Siste norsktimen vart markert med oppsummering av alt det vi har gått gjennom, samt diktlesing og allsong, då sjølvsagt med "songen vår", som læraren pla seie. Diktet ho las opp til oss var "Du skal være tro" av André Bjerke.

Translation: Today we had the last lesson in religion, where we were invited to eat breakfast with our teacher. Her windows were filled with beautiful plants. In Norwegian class, the teacher read poems and we sang together.

onsdag 6. juni 2012

Ein siste gong

I dag var det siste kvelden med open skule for i år, og i heile mi tid som vidaregåande elev. Då vart det milkshake med pistasjesmak, kortspeling (eg spelte amerikanar for fyrste gong på lenge, lenge), og på heimvegen skein sola varmt og gult gjennom løvetannslør og grasstrå.


Translation: A last time.

tirsdag 5. juni 2012

I høve venuspassasjen

... lærte vi i biologien i dag å rigge opp utstyr og vitskaplege instrument (kikkert, stege (stige) eller stol, papplate og -bitar, kvitt papir og teip) på ein slik måte at det er mogeleg for oss å sjå venuspassasjen. Diverre gjer fjella og den overskya himmelen her heime til at eg nok ikkje får sett den likevel. Men det er ikkje einstydande med at det vi lærte i biologien i dag var meiningslaust, for ein kan nemleg sjå solflekkar på same måten. Og det er ganske kult.

... fann eg fram Erik Fosnes Hansen si bok Salme ved reisens slutt. Her er det utdraget eg leita etter:

Translation: An excerpt mentioning the transit of Venus, from one of my favourite books by my favourite author Erik Fosnes Hansen. By the way, in biology class we learned how to see the transit. We saw quite a few sunspots while trying it out.

Omlag 20 minutt x 7

1.: Trompet (jazz).
2.: Tuba (klassisk).
3.: Walthorn (klassisk).
4.: Slagverk (rock).
5. Slagverk (klassisk).
6. Saksofon (klassisk).
7. Saksofon (jazz).
Slek er det å gå på ein skule med musikklinje og ha føremiddagen fri ein av dei dagane tredjeklassingane har eksamenskonsert.

Translation: I was lucky today and had the whole morning off, giving me the opportunity to watch seven various concerts that the music students at my school held, showing off their great talents.

mandag 4. juni 2012

Eit tilbakeblikk

Runde er verkeleg vakkert.








Translation: From the field trip in biology class.

søndag 3. juni 2012

Helja (Helga)

... med vakre bregner, perfekte i grøn flaskevase saman med engsoleie og smalkjempe.
Ferns by Regnboge
... med insekt som kastar finurlege skuggar på fjøsveggar.Insect and Shadow by Regnboge
... med foreldre som tek med skattar i form av rypefjør, torvmøse (torvmose), eit ukjendt strå og kvitlyng når dei har vore på fjelltur medan ein sjølve sit heime og les til engelskeksamen.
Treasures by Regnboge
by Regnboge on Flickr.

Translation: My weekend.