Å vere ute til klokka fire for å ta vare på den siste sosiale samankomsten. Å vakne på ein hybel med flotte folk og gå til skulen saman. Å høyre på rektor si siste tale på Firda vidaregåande skule. Å syngje "Å Vestland, Vestland" ein oktav lågare enn det det blir lagt opp til. Å sitje på plassen min i klasserommet ein siste gong. Å stoppe (og bli stoppa av) lærarar, medelevar og bibliotekdamer for å få og gje klemmar og varmande ord. Å tenkje på kor mange flotte menneske eg har hatt rundt meg dei siste tre åra, både med tanke på min næraste krins, men òg dei som har vore ein del av det store biletet. Å kjøpe fire bøker til den nette totalsum av 40 kroner på bibliotekutsal. Å lese meir i R.E.M.: Fiction: An Alternative Biography av David Buckley. Å ete ein is. Å finne rim. Å pakke ut av trillekufforten og tenkje på at ein snart (i mårå) må pakke igjen. Og å sjå seg attende med smil og varme kjensler.
Translation: I'm no longer a high school student. Today I said goodbye to the school with its teachers, pupils, librarians, and when I look back at the last three years, I feel incredibly grateful.
3 kommentarer:
Smil!
Det er alltid en blanding av trist og fint når slike epoker er over. Men det som venter er jo minst like fint!
Du skriver fint, du! Gratulerer så mye med ferdiggått vgs!!!! Hurra!!
Legg inn en kommentar