fredag 29. juni 2012

Svar

Då er eg heime og kan svare på spørsmåla ei veke seinare enn planlagt.

Hva kunne du tenkt deg å studere?
I tillegg til norsk, engelsk, naturfag og kunst&handverk (som eg kjem til å bruke i yrkeslivet) kunne eg veldig gjerne tenkt meg å ta eit semester eller to med eit tredje språk. Det hadde vore knakande flott å kunne snakke fransk flytande, eller å fått ei innføring i arabisk eller hebraisk, kanskje persisk. Eit alternativ er jo å lære seg eit keltisk språk, for eg tykkjer dei høyrest rimeleg tøffe ut.
Det hadde òg vore veldig spennande å bruke eit studieår på å konsentrere seg om historie, kunsthistorie, filosofi eller alle tre på ein gong. Slik eg ser det, så heng eigentleg alle fag saman i den forstand at dei gjev deg som menneske ei djupare forståing av både deg sjølv og andre. Difor er eg veldig for å skaffe seg kjennskap til fleire disiplinar enn berre eit par.

Hva gjør deg lykkelig?
Det skal veldig lite til for å gjere dagen min god og meg lukkeleg. Men eg trur det som oftast gjer meg lukkeleg er å observere ting, og å ha selskap i menneske som er vakre og ekte på sin måte. Det å lære noko nytt og forstå er òg noko som får meg til å kjenne meg lukkeleg og glad, når ein liten del av puslespelet fell på plass og avslører at du treng endå fire biter til for å forstå heilt og fullt, og så treng du fjorten, og slek held det fram (for ein kan jo aldri vite alt om noko).

Hva liker du ved det franske språket? 
Måten orda dansar i munnhola på, og korleis leppene formar orda. Det er mjukt og litt skarpt på same tid. Dessutan er det så mange nydelege ord, og om enn alle dei stumme bokstavane og tunge formuleringane gjer det litt kludrete å lære, så er det ein viktig del av sjarmen, tykkjer eg. Blir nesten litt mystisk

Hva slags planer har du for livet?
Heilt sidan før tenåra visste eg at det var lærar eg ville bli når eg vart stor, og den draumen held eg framleis fast ved. Det er fordi eg, på linje med mange andre unge menneske, ynskjer å gjere ein forskjell. Men heile verda blir på ein måte litt for stort for meg, så eg kjem til å konsentrere meg om menneske i 5. - 10. klasse og inspirere og lære dei så mykje som mogeleg til dei fer ut i den store vide verda sjølv.
Eg har òg planar om å gjere og å oppleve ting. Akkurat ka slags ting det måtte vere, ventar eg litt med å fastslå, alt etter ka mogelegheiter som byr seg. Men eg veit det skal bli bra.

Yndlingsdialektordene dine?
Tre av dei:
- Prins, ei. Som i hokjønnsform tyder det same som sekk. "Han tok skuleprinsa på ryggen og gjekk heimatte.".
- Troe, ei. Som i (fiske)stong. "Hugsa du å ta med troa?".
- Gadd, ein. Ei tørr, grå og gamal føre. "Opp onde [slek vi seier "under"] den berghammaren dar står det ein hundre år gamal gadd.".

Translation: Answering the questions asked.

2 kommentarer:

Gitte sa...

Så fine, reflekterte svar! Jeg sitter også med en lærerdrøm i brystet, men vet ikke helt om jeg egner meg.

motionocean sa...

Keltisk språk - så KULT at du tenker det! Selv kan jeg to ord på gealic: god natt og skål; Det er alt du trenger ;)