I året 1794 kjem syttenårige Horatio Hornblower om bord på skuta HMS Justinian for å starte i vervet som midshipman. England er i krig med Frankrike, og det er urolege tider i Kanalen. Som mannskap i den britiske marinen må ein kvar dag vere rede til å bli angrepne av (eller angripe) fiendtlege skip, noko som kan resultere i anten fangenskap eller død. Men om ein har eit oppvakt hovud og er lærevilleg i sjømannsfaget, kan ein håplaus situasjon med sjøsjuke og utrivelege skipskameratar forandre seg til triumf og respektfylde vennskap.
Hornblower kan vere både usikker og tvilande på seg sjølv og sine eigenskapar som framtidig marineoffiser, men når farer truar og til og med kaptein Pellew av Indefatigable er i tvil om kva som skal gjerast, syner aspiranten seg som ein intelligent og handlekraftig ung mann med ei veldig pliktkjensle ovanfor Hans Majestet George III, so vel som sine under- og overordna på skipet.
Translation: Read the books about young Horatio Hornblower. They are wonderful.
1 kommentar:
Fiction, ja? Kanskjeee jeg kunne lest denne.... MEN jeg ser du gjør som jeg (skulle ønske jeg kunne gjøre med lånebøker..) ;)
Legg inn en kommentar