Tøg (tau). Det er jo veldig greit å finne slengande, for då veit du at du er litt tryggare dersom du skulle forlise og må byggje ei hytte eller lage eit våpen eller kva no som måtte bli nødvendig. Då er det best å ha noko å feste ting saman med.
Kaprifol. Botaniske studiar høyrer jo med viss ein skulle hamne på ei aude øy ein ukjend stad.Skrukketroll. Om provianten tek slutt, so kan ein lyte ty til drastiske tiltak (heldigvis hadde vi kapteinkjeks, so vi trong ikkje gå so langt som å ete småkryp).
Solbriller. Slek at du kan speide ut over horisonten sjølv med sola i andletet, for å speide etter skip som kan kome og redde deg.
Drivved. I fine fargar. Slek at du både kan kveike opp eit varmt bål, og bygge og pynte opp den provisoriske bustaden, sånn i tilfelle du skulle bli buande dar ei lengre stund.
2 kommentarer:
Arrrrrrgh, I'm a pirate!
Hihi, søsteren min gikk på førskolen med en jente som spiste skrukketroll. Eller roly-poly som de kalt det i statene.
(Lurer på hva Hansa-ølkorken skal brukes til?)
Legg inn en kommentar