Når verda på den andre sida av vindauget er kvit og dansar roleg med snøslør rundt seg, då høver det fint å sjå gjennom bilete frå i sommar og prøve å finne namna på dei billene og sommarfuglane som var for vansklege å identifisere når sommarvarmen rett som det var lokka deg ut med berre føter for å observere og dokumentere stadig nye kryp
Dette er til dømes ei reinfannbille, dersom undersøkingane mine stemmer (men den var so lita at det var vanskeleg å få med detaljane på den, so heilt sikker er eg ikkje). Den heldt seg på geitramsen ved vegen heime, og fyrst var det umogeleg å finne dei, men når du fyrst hadde fått auge på ei, so såg du plutseleg ei der og ei til der borte, heilt til det var so månge at det var umogeleg å telje på fingrane lenger.Translation: When the world outside is dressed in snow and dancing in the cold, I took out some pictures of the insects we didn't manage to identify this summer, because we never had time to figure the name out before there was another beetle of butterfly that had to be photographed. I think this is a Galeruca tanaceti.
1 kommentar:
Nå var det på tide med litt blomster igjen, ja! Her er det forresten JULehvitt! LA JULA KOMME!
Legg inn en kommentar