Viser innlegg med etiketten spel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spel. Vis alle innlegg

søndag 11. september 2011

3 ting alle bør prøve ein gong

1. plukke friske urteblad (her sitronmelisse og dei minste oreganoblada eg fann) og helle vatn over dei, enten med eller utan tesil. Det er ganske fint å kunne seie at "eg lagde min eigen te i dag".
 2. Sleikje slikkepotta og sleiva og skrape bollen etter at nokon har laga gebuskaka di, helst den med sjokolade og hasselnete som du alltid har hatt, heilt sidan du va lita.
3. Sitje å sjå på vaksne som spelar kinasjakk, særleg når karane har so store hender at du kan nesten ikkje tru det når dei klarar å plukke opp dei plutseleg knøttsmå kulene.

Translation: Here are three things I think everyone should try out once:
1. Making tea from fresh herb leaves.
2. Licking the spoon after soemone baked your favourite chocolate cake.
3. Watching grown-ups playing chinese checkers.

mandag 27. juni 2011

Nokre nye erfaringar

- Vore på Arcon for fyrste gong.
- Lært å spele Elfenland.
- Ete glaserte nudlar,
- berre ved hjelp av etepinnar.
- Sett Snusmumrikken x 3,
- og Grell x 3 eller 4 eller 5.
- Vore vitne til såpebobler som fungerer som ballongar og kan kastast på.
- Støtt på personar eg ikkje hadde venta å treffe.
- Smakt japansk snacks og likt det
- Funne ut kor Neo Tokyo er i Oslo, og at det er der ein kjøper vifter.

(P.S.: Eg gledar meg noke veldig til i mårå kveld!)

Translation: This weekend I was at a Japanese convention and a gaming festival. I experienced quite a few new things.