Viser innlegg med etiketten moro. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten moro. Vis alle innlegg

mandag 27. juni 2011

Nokre nye erfaringar

- Vore på Arcon for fyrste gong.
- Lært å spele Elfenland.
- Ete glaserte nudlar,
- berre ved hjelp av etepinnar.
- Sett Snusmumrikken x 3,
- og Grell x 3 eller 4 eller 5.
- Vore vitne til såpebobler som fungerer som ballongar og kan kastast på.
- Støtt på personar eg ikkje hadde venta å treffe.
- Smakt japansk snacks og likt det
- Funne ut kor Neo Tokyo er i Oslo, og at det er der ein kjøper vifter.

(P.S.: Eg gledar meg noke veldig til i mårå kveld!)

Translation: This weekend I was at a Japanese convention and a gaming festival. I experienced quite a few new things.

mandag 20. desember 2010

Ein rar mann på kjøkenet

 Vi har tradisjon på å brygge sukkerøl (alkoholfritt, altso!) og te det har vi ein stor øldunk. Denne skal haldast på ein viss temperatur, so eg og pappa hadde det litt moro med å kle han til formålet. Ka kledde han best: stråhatt eller briller?

Translation: Each Christmas we brew alcohol free beer, an old family tradition, and the beer has to keep a certain temperature. Therefore, me and my father had fun dressing it up. What looks the best: the straw hat or the glasses?

mandag 1. november 2010

Ting alle bør ha I - ordbank

Det e visse ting alle burde ha blandt eignelutane sine, og her e ein av dei: ein ordbank. Ka e ein ordbank? Jau, det har seg sånn at du finne fram ein fin boks, te dømes den du fekk av storebroren då han hadde vore i York som eigentleg va snop oppi (men det varte ikkje lenge), men so no eigentleg berre e te pynt. So finn du noko papir, te dømes slikt som vart att etter at du hadde skrive ut eit bilde og klipt det ut. so skriv du massemasse ord på, og klipper opp arket slik at det kjem eit ord på kvar papirlapp. So har du dei oppi boksen. Vips, ein ordbank:
 

Translation: Find a box, some paper and a pen, and write down lots and lots of pretty words, cut them out, and let them into the box. Eventually, you'll have a nice word bank. I think everyone need one!

onsdag 6. oktober 2010

Maizena- og lærarmoro

Sånn går det når ein blandar maisstivelse og vatn.

Og medan eg gjorde matte, so fann eg eit sitat i skriveboka (blå e det som sto på tavla som norsklæraren vår hadde skreve, medan svart e det mattelæraren vår sa):

2STA            Og kem so har skrive?
Ein gledens dag!          ...ein ser det jo på fysste setning.
Fagrommet vårt lever!!          Typisk, altso!
Ny innleveringsmappe kl 18.00 i kveld

Translation: Having fun with starch and water, and discovering a quotes by my teachers in one of my notebook