fredag 31. august 2012

Om å bli litt større

Dei siste to-tre vekene har vi vore små. Vi har vore redde. Alle vi som er komne til enden av den vegen vi kjenner frå før. Alle vi som trør inn i eit nytt landskap, og som har gått litt lenger. Det er eit landskap fylt av fagbøker, andlet og utfordringar som tidvis verkar store, framande og uoverstigelige. Men vi har vore modige. Og vi har klart meir enn vi hadde våga å håpe på. Kanskje har vi smilt til nokon vi ikkje har helst på før, eller kanskje har vi sendt ei melding til eit nesten framandt menneske og spurt om ein skal lage middag saman, eller gå ein tur. Kanskje har vi vakna tidleg ein morgon og berre vore stille, heilt for oss sjølv, utan at vi eigentleg har vore so einsame likevel. Ei bok i hendene, musikk på øyret og sakte men sikkert veks vi, og blir litt annleis enn det vi har vore før. Litt større.
Moth by Regnboge

Translation: The last few weeks we've been small. We've been afraid. But we've been brave too. 

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du er så bra og tøff og modig og stor og fin. Og så formulerer du orda dine på slik ein fin måte, skriv så bra. Hjarte.

Gitte sa...

Fint skrevet! Jeg kjenner fremdeles skillet mellom skole og universitet på kroppen. Det har tatt tid, men jeg tror jeg har klart å finne meg ganske godt til rette i studietilværelsen.

motionocean sa...

Helt sant - sånn følte jeg det i fjor. Veldig fint skrevet, du! (Og nyyydeligfint bilde, hiiiihi)