Viser innlegg med etiketten mjølk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mjølk. Vis alle innlegg

onsdag 4. april 2012

Tre ting kløkka åtte

1. Fjellost frå storebroren som kom heim.
 2. Endeleg MJØLK på mjelkekartongane.
 3. Å få vete at der finst nokon (Surzhenko) som kan teikne Thorgal-karakterane like bra som originalane (teikna av Rosinski).

Translation: Three joys today.

onsdag 7. september 2011

Raude blomeglas

Om litt mindre enn eit år flyttar eg heimanifrå for å bli student på høgare nivå. Og då passar det fint at mamma ryddar i skåpa på eit av roteromma og finn seks passe høge glas frå 70-talet som er perfekte til å ha mjelk i. Det er sleke glas som inviterer til vennebesøk med draumande samtaler om bølgjer, paraplyar, sauer, pianotonar, smilerynker og fløyel. Viss fleire enn seks vil kome på besøk, so kan dei nok låne snusmumrikk- eller bissevovvkøppen.

Translation: When it's slightly under a year until you're moving out from your parents' house to study at a higher level, it is nice to have a mother who tidies in one of the messy rooms in our house and discovers six red-flowered glasses, perfect for drinking milk together with friends, discussing waves, umbrellas, sheep, piano tunes, smiles and velvet.

søndag 24. oktober 2010

Fjøsen med det rare i IV

Dinna koppen fann eg vekkgøymd på ei hylle i lada vår, ogso sette vi den i oppvaskmaskina, og når den va rein og fin, so fann eg ut at den passar perfekt til å a mjelk i, særleg viss ein har to smil ved sidan av.

Translation: This is one of my favourite cups, perfect for milk. I found it in the barn some time ago and it was love at first sight.