Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

lørdag 8. oktober 2011

Ikkje enno

Det kom bod om at vinteren var på veg, so eg gjekk han i møte.
 Eg synte han tistelen. "Ho er ikkje for vel elda, og du vil alt syne deg?" Han bles åt det, sa det fekk berre gå sin gang.
Så tok eg han med eit stykke bort og synte han smørblomen. "Ho har endeleg klart å bryte gjennom jorda, og du let henne ikkje ein gong få vise at ho òg er sterk nok til å bløme?" Han svara ikkje.
So snudde eg og gjekk heimatt. Han følgde ikkje etter. Ikkje enno.

Translation: I went to see Winter today. I told him it was too early and showed him the flowers that had yet to bloom. He didn't follow me home.

søndag 18. september 2011

På ein vindstille haustdag

Då kan kanskje vakne opp med tett nase og drikke te og ete konfekt til frukost ( i alle fall ei), og so kan ein jo alltids smake på britisk snop som storebroren hadde med sia han fann ut at han skulle vere heime i helja før han for opp at til studiane sine. Kynna, grisane og sauene e 100% naturlege råvarer. Det e jo litt fint.
 So kan ein utfordre basillane ved å pakke seg inn i fire lag og skjerf og hue og gå tur med hunden og broren, og finne blomar og sjå ender og snakke om ting ein gjerne skulle gjort.
 Og berre for å understreke at ein ikkje let litt snufserier stogge ein, so spelar ein badminton i vindstilla med særs engasjert publikum (over).
Når ein kjem inn kan ein gjerne ta ei kanne med Yorkshire Gold-te på deling (det vil seie ein køpp på han, tre på meg).

Translation: Even if you have a cold, that doesn't have to stop you from enjoying the quiet autumn day, eating British candy, walking one's brother (and the dog, of course), playing a game of badminton and drinking tea from Yorkshire.

søndag 7. august 2011

Omlag fjorten liter


Translatoin: Ca. 14 litres.

fredag 5. august 2011

Ein regnveirsdag

Etter å ha vore ute i regnet og helsa på froskar og ender, og gått utan hette fordi då blir alle lydar klårare og ein ser meir enn berre rett fram, då ser ein fort slek ut:
 So når ein då smått om senn kjem heimatt, so byter ein av seg alle våte klesplagg og set seg ned og skriv med ein sånn i nærleiken:

Translation: After having walked outside in the rain, meeting with frogs and ducks and ingoring the hood because that way you hear and see verything better, it's nice to come home and change into dry clothes and write a little while drinking green tea.

tirsdag 2. august 2011

Glimt

Frå dagens langtur. No er herdane (bestemt form fleirtal av hokjønnsordet herd, som tyder "skulder") mine ganske raude, og eg har funne ut at det å hoppe frå stein til stein kan vere ein smule risikabelt, i alle fall viss du er berrføtt of har bretta buksa opp so langt som råd er. Men det går fint når ein kan sitte nesten heilt ytterst på den store steinen som liksom heng i dalsia, og når ein kan kjøle seg ned med snøv, og studere plante- og insektlivet, og pappa lagar bål so ein kan grille litt.

Translation: Today I walked, got a light sunburn, studied plants and insects, climbed on rocks with bare feet and admired the snow.

søndag 24. april 2011

Om å ete ute

Pappa hadde med hjortebiff som han steikte med løk,
og poteter,
 og mamma hadde laga pinnebrøddeig som vi steikte over bål medan pappa hadde grillen,
 der han, etter ei stund, steikte gulrøter, brokkoli og blomkål.
 Hunden såg mot grillen på den her måten:
 Sånn såg maten ut til slutt (vovven fekk smake litt, altso):
Hundar har forresten fantastisk sterke nakkar og kjevar.
(no luktar håret og huda mi bålrøyk, og eg gledar meg til å legge meg i kveld, med den lukta rundt meg)

Translation: Today we ate in the wild. My father prepared deer meat and vegetables, while my mother had made dough which we roasted over the open fire. I love dinners out.

onsdag 2. mars 2011

Om å gå i gater

Eg syns alle veninnder og vener burde gå sånn i gatene,
Walking Ghosts
arm i arm, av og til,
ein burde synge litt, eller
Singing for their supper
berre sjå på skyene og andre folk som går forbi.
Skies Above Rome: Streets of Roma
Viss du e heldig og går slik med nokre veninnder, so kan du vere so heldig at ein eldre mann med raudt skjerf bukkar og ventar til dokke er komt forbi.

Translation: I think all friends should street walk arm in arm, and maybe sing, or just look at the sky or people around you. If you're lucky, you might meet an elderly man you don't know, wearing a red scarf that greets you with a bow.

torsdag 18. november 2010

Pappa høyrde melding om det på radioen

So no ska eg ut og sjå etter meteorar.
Men eg fann berre ord og månevatn.

Translation: Now I'm on my way to hunt meteoroids.
But I could only find words and moon water.

lørdag 6. november 2010

Det som vart med heim etter turen te Førde:

1 gul tekanne til den dagen eg flyttar ifrå mamma og pappa,
1, 2, 3, 4 smoltringar frå smoltringmannen,
og 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 pakkar som fine folk ska få te jul.

Translation: Today I brought home one tea pot, four donuts and eight Christmas presents form the city.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdagstur ved elva

Der det e skikkeleg fin sporsand der det hadde vore... ulv?
 Nei, det va berre bubben (dialektkoseord for hund).
 Og dar e runde steinar på grunn av jettegrytene lenger oppe i elva.

Translation: Today I took a walk by the river, where there's a sand bank where you can see animal tracks, and many of the stones are round and smooth.

søndag 29. august 2010

I mårå blir det utflukt

... med biologiklassa, og vi ska vere vekke i tre dagar, og eg tvilar litt på om eg får særleg tilgong på datamaskin. Vi ska studere eit vatn, og eg gledar meg! So no må eg begynde å pakke tjukkegensarar, utebukser, støvlar, labbar og skjerf. Og sjølvsagt nokre porsjonar te og "The Wee Free Men".

Translation: Tomorrow will be the first of three days on a field trip with my biology class. I'm really looking forward to it!

torsdag 5. august 2010

Bokbyen

Reisa starta med at eg spurde bror min i forbifarten om dar kanskje va eit brev te meg, og det va det, med litt fransk, teogmed!
Etter halvannan time, kanskje litt meir, va vi framme i bokbyen i Fjærland, og eg ska la bilda tale litt for seg sjølve (skjønt dei berre syner eit par av romma og eine bokhuset) :
Sjølvsagt tok eg litt av bokbyen med meg heim.

Då eg skulle kjøpe "Cinq semaines en ballon", so trudde han so skulle ha pengane at eg var fransk, fordi har sa "trente?" istaden for "tredve" og såg usikkert opp på meg, og eg smilte litt og nikka, og då eg gav han pengane sa han "merci", og kunne ikkje meir fransk, so då spurde han ikkje om eg ville ha kvitteringa eller ein pøse.

mandag 12. april 2010

Modellar og rosa mann

I dag var vi på geografieksursjon til Fjærland for andre gong i år for å sjå på brear. Dei fleste i klassa vår hadde vore dar tidlegare i år, men no var det tid til litt meir teori, istaden for berre å høyre på foredrag. Men det var nok ikkje fag som vart mest omsnakka då vi var på museet, for vi var nemleg ikkje dei einaste. Plutseleg fekk vi beskjed om å samle oss i den eine delen av rommet, og guiden vår for dagen fortalde at vi måtte gje plass til noken so skulle filme noken, og veit de ken dei sistnemnde noken va? Japan sine to kandidatar til Miss Universe 2010!
Og då fekk eg ein liten tulle-idè, nemleg at når vi gjekk forbi dei (etter at dei var ferdige med intervju og filming), so skulle eg seie "Konnichiwa!" te dei, og høyrest skikkeleg språkkyndig ut sjølv om eg berre kan noken få japanske gloser, og so gå vidare. Eg fortalde om idèen til Ingvild, som eg sjølvsagt sat på same bord som, og vi rista på hovuda våre og lo ei lita stund, før vi fortsette å ete is.
Men det so e so lurigt med slike tulle-idèar, er at dess meir du tenkjer på dei, dess meir får du lyst til å gjere dei. Etter ei konflikt inne i meg sjølv fann eg ut at jo, eg skulle seie "konnichiwa" te dei, om det no kunne bli aldri so flaut! Eg måtte berre ete opp gulrota mi fyrst, og då eg nesten var ferdig, såg vi at japanarane (det var fleire landsmenn med dei (og eg tykkjer forresten japanarane e noken av dei søtaste folkeslaga i verda)) var på veg ut, og ei stund seinare tok dei ein buss i motsatt retning av den vi seinare skulle i. Ganske synd, eigentleg...
Litt seinare på dagen såg vi ei stor kontrast til modellane: ein kulerund mann med lyserosa fleecegensar, og knallrosa caps.