Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten norsk. Vis alle innlegg

fredag 1. oktober 2010

Den internasjonale språkdagen

Ein italiensk sko,
 litt italiensk is,
 og eit Italiakart laga av italienarar (eg skjønar nesten ikkje korleis dei klarte å lage det so fint!)
I dag va det nemleg den internasjonale språkdagen, og kantina va stappfull av ulike språk, og eg veksla mellom engelsk, fransk og norsk, og det kunne vere ganske uforståeleg, men det gjekk bra.
Vi som har internasjonal engelsk hadde quiz.

Translation: The International Day of Languanges was celebrated with posters and quizes in the cafeteria, and me and a friend bought Italian ice cream.

lørdag 25. september 2010

Ikaros

Sidan eg fer på ein liten tur når det blir morgon, og kjem til å vere vekke til den neste, so legg eg inn eit dikt av Jakob Sande som eg tykkjer er eit veldigveldig fint eit.
"Icarus" av Victor Nizovtev. kjelde

Einsam i lekkjer låg han
den unge, halvnakne gut.
Solspel på murveggen såg han,
og lengta til vårdagen ut.

Då var det den mektige lagnad
til flukt honom vengjer gav,
og solgylt i jublande fagnad,
steig Ikaros fri over hav.

Ør han mot soli svinga
i brennande lengt og trå,
og vilde med makt seg tvinga
dit ingen på jord kan nå.

Han sumde mot strålelandi,
men fall mot det kalde hav,
no søv han på Samos-strandi,
der ingen veit um hans grav.

Ikaros, unge dåre,
din lagnad min eigen vart.
Me lengta mot soli klåre,
men båe laut bøta hardt.

Mi sol var ei fager kvinne,
urøyvd og strålande rein,
stolt som ein ung gudinne,
der varmt i mi sjel ho skein.

Ho batt meg med strålebandi,
eg hadde kje kraft til å snu,
no ligg eg som vrak på strandi,
blinda og brend som du.

Men ho som mi livskraft rana,
og døds-sår i hjarta mitt skar,
gå fram på si stolte bana,
og veit ikkje um at eg var.

Translation: A beautiful Norwegian poem.

onsdag 25. august 2010

Bienvenue

Welcome. Benvenuto. Velkomen. Det va smakebetar av dei fire språka som surra rundt i klasserommet under fransktimen, for seks italienarar hadde funne ut at dei skal ha fransk ilag med oss nordmenn, sjølv om dei (sett vekk ifrå ei) har hatt framandspråket i fire år, og vi har hatt det i berre eitt, og dei kan ikkje norsk og so vidt eg forstår kan dei ikkje sånn veldig mykje engelsk heller, fordi dei kan gresk og latin.
Eg kjende det litt som om halve verdsdelen kom inn og sette seg mellom dei fire veggane, og eg gledar meg til å bli kjend med den og gjere den litt meir min.

Translation: Today it felt as if half of Europe walked into and settled in my french class' room, and I'm looking forward to getting to know it better and make it a bit more mine.