Viser innlegg med etiketten is. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten is. Vis alle innlegg

torsdag 11. august 2011

Nye smakar og sånt noke

- Akkar for fyrste gong i mitt liv, frityrsteikt med sursøt saus og ris (og hurra: mitt andre måltid eg fekk i meg berre ved hjelp av etepinnar!) på restauranten Bambus i Førde.
 - Diplomis-is med sommarbær, slett ikkje verst.
 - Mi heilt eiga ukulele, som er kvit, fordi utrifrå raud, svart og kvit, so var sistnemnde det mes uvanlege, og kanskje eg kan dekorere den sjølv?
- Tråling av butikkbokhyller gav endeleg den fangsten eg har leitt etter, og det til berre ein kvart hundrelapp. Eg likar NMS gjenbruk!


Translation: New tastes (squid in sweet and sour sauce and a new type of ice cream) and belongings (an ukulele and a book I've looked for for a long time.

fredag 17. juni 2011

To dagar i nam og kaktus

I går
Når ein fer på bytur, so e det viktig å kose seg, syns eg, so eg og frk. Ingvaldsen tok oss to kuler italiensk is. Mint of kokos e den absolutt herlegaste iskombinasjonen eg har smakt, og eg måtte ha det denne gongen òg.
 Då eg kom heim hadde viss pappa kjøpt kakestykker til oss. Fruktfromasjon er namnam, fann eg ut.
 Og so smakte eg morellar for fyrste gong i år, og det var veldig fint og gav sommarkjensle.
I dag
Vart det te på Daiva. Sommarpunchen va ganske god, eg trur eg har fått smaken på brende tesmakar.
 So vart det hybelbesøk dar eg rakk å steike ei pannekake før eg måtte fare for å rekke bussen.
 Og sjå den fine kameraten so' va på den tidlegare nemnde hybelen!

Translation: Some yummy stuff (and a cactus) during the last two days.

fredag 18. mars 2011

Istips

I dag fann eg ut at viss du har:
-Vaniljeis
- Sjokoladestenger eller anna gødt
- Ei fin lita skål, helst yndlingsskåla
So kan det sjå veldig bra ut, og då smakar det litt ekstra.

Translation: If you eat your ice cream with chocolate, or something else that's good, from your favourite bowl, it tastes even better.

fredag 28. januar 2011

Ei lita januarskattejakt

I dag var eg på handletur, og eg kjøpte:

- "Lasso rundt fru Luna" av Agnar Mykle
- "Mytteriet på Bounty" av Nordhoff og J. N. Hall
- Madame Butterfly (kvit te frå Kremmerhuset)
- Lakriste (Yogi)
- Eit lite smykke

Og so måtte vi sjølvsagt ha litt mat, italiensk, naturlegvis. Grevlingen hadde irsk kaffi-, karamell- og pistasjesmak, ho nydlegaste (eller Pusekatt To som vi òg kallar ho) hadde mint og noko eg ikkje hugsar, og eg hadde kokos og mint.
 Dei to fine sat ganske gødt te veggen,
 medan eg leikte kameleon saman med stolane og borda.

Translation: I went shopping today with some friends. I bought two books, two types of tea and a necklace. Afterwards we ate ice cream, Italian, of course, and I dearly recommend to mix mint and coco, it's actually qutie refreshing!

tirsdag 4. januar 2011

Nokre isar i 2010


Translation: Some of the ice creams eaten in 2010.

fredag 12. november 2010

Det er underlege dagar



Translation: Strange days.

lørdag 2. oktober 2010

Minner om blå nerdebriller og pæreis


(modell, eigar og etar: ho nydlegaste)
Translation: Memories of blue nerd glasses and pear ice.

fredag 1. oktober 2010

Den internasjonale språkdagen

Ein italiensk sko,
 litt italiensk is,
 og eit Italiakart laga av italienarar (eg skjønar nesten ikkje korleis dei klarte å lage det so fint!)
I dag va det nemleg den internasjonale språkdagen, og kantina va stappfull av ulike språk, og eg veksla mellom engelsk, fransk og norsk, og det kunne vere ganske uforståeleg, men det gjekk bra.
Vi som har internasjonal engelsk hadde quiz.

Translation: The International Day of Languanges was celebrated with posters and quizes in the cafeteria, and me and a friend bought Italian ice cream.

fredag 20. august 2010

Sandanedagane

Sandanedagane tyder at butikkane har storsal, boder kjem til, Hugo's tivoli stiller opp, og kyrkja arrangerer loppemarknad. Eg og ho nydlegaste gjekk på sistnemnde etter skulen, og snart vart ho vakraste med oss, og eg enda opp med raude pumps (!) og eit fint skjerf, for i alt 25 kroner, og ei av damene som ein skulle betale te såg ka eg hadde funne og vart so begeistra. Det va ganske fint.
Lukketrollet fann òg eit skopar ho likte, og ho vakraste hadde fine nok sko som det va.
Mat må ein jo ha her i livet. Eg åt den eine sjokoladen, og so ville ingen av dei andre ha den siste, men då ei i klassa vår gjekk forbi vart problemet med kem so skulle få den siste løyst.
Blondeføter e ganske fint, det.
Og det e Daiva-butikkar òg.
Årets parisarhjul va lit for lite etter vår smak, so vi nøydde oss med å berre sjå på den fantastiske kosedyra som ikkje går an å vinne fordi dei berre e te pynt.
Men det e ingen grunn te ikkje å smile,
for ein kan finne fine månefear overalt, her e beviset:

Translation: This weekend there's a fair not too far from where I live, and today me and my friends went there after school. We had a great time walking around looking at people, stands and shops, and of course the flea market, where I found the red pumps. Also, here's the proof that things containing garbage can smile.