Viser innlegg med etiketten vatn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vatn. Vis alle innlegg

onsdag 8. juni 2011

Ikkje lenge til no...

 For å markere at sommaren er komen, so er det blitt tradisjon at norsklæraren vår plukkar rhododendron til å ha på kateteret i klasserommet.
Og verda vil vere kvit innimellom alt det grøne.
Medan fuglar let songane flyte.

Translation: Vacation is on it's way.

lørdag 4. juni 2011

Eigentleg i går

Eg såg mot vest der sola snart ikkje var sjenert lenger...
 og mot aust der himmelen var blåare enn nokon gong på fleire veker...
 og ned ved føta mine, der nokre små hadde pynta seg for meg...
 og bortover den vinden og himmelen kledde vassflata i brusande blått.

Translation: Actually about yesterday. The sun was almost brave enough to meet me, and the sky bluer than even in the last few weeks, and the lilies of the valley had dressed up for me, while the wind and the sky made the water blue.

søndag 1. mai 2011

Waves tire of horizon and return

Slik sa Derek Walcott det ein gong, medan her svevar steinar der steinar aldri har svevd før, på same måten som taren er i eit nytt element. Sjøstjerna er i ei anna verd no, i alle fall slik ho ser det sjølv, og ser kanskje ned på blåskjelvenene og vinkar.

Translation: That is how Derek Walcott put it once, while now stones hover where stones never hovered before, just like the kelp is in a new element. The Starfish finds herself in a new world, at least the way she sees it, and maybe she sees the blue mussels and wave to them.