Viser innlegg med etiketten sommarfuglar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sommarfuglar. Vis alle innlegg

torsdag 26. januar 2012

Litt meir fransk kjærleik

I dag sette eg meg ned framfor fjernsynet fordi det i TV-programmet sto at filmen var fransk. Dessutan måtte jo ein film som heiter "Sommarfuglen" ha litt sommarfuglar i seg, tenkte eg, og det hadde den.

I leilegheita til den eldre mannen Julien finst det kjempemånge sommarfuglar, både levande og daude, av alle mulige typar sett vekk i frå ein art: Isabella. Denne nattsvermaren lev eit ufatteleg kort liv, so kort at den ikkje rekk å ete noko før livet er over, og det er vanskeleg å finne ein. Men, Julien får melding om at Isabella-sommarfuglen har blitt observert ein stad ute på landet, og han skundar seg av garde for å nå fram før sommarfuglen si tid er omme.

Lite veit han, i det har køyrer av garde, at ni år gamle Elsa, dottera til den unge dama som har flytta inn i rommet over, har blitt med. Når han oppdagar blindpassasjeren prøvar han fyrst å kontakte mora og sende jenta heim, men det er umogeleg å få sendt beskjed, og dessutan vil Elsa so gjerne vere med. Saman går dei opp i fjellet for å finne sommarfuglen, og får mulegheit til å snakke om slikt ein går og lurer på.

Translation: Today I watched "Le Papillon", the butterfly. It is indeed a beautifully done French film, with warm dialogues, weird meetings and loads of butterflies.

fredag 24. juni 2011

Hadi

Klokka hal eitt sit eg på bussen til Drammen. Kjem tilbake måndag kveld. Medan eg er vekke, kan jo de smile av ein sommarfugl.

Translation: Half past twelwe I'm on my way to Drammen. I'll be back monday evening.

lørdag 4. juni 2011

Eigentleg i går

Eg såg mot vest der sola snart ikkje var sjenert lenger...
 og mot aust der himmelen var blåare enn nokon gong på fleire veker...
 og ned ved føta mine, der nokre små hadde pynta seg for meg...
 og bortover den vinden og himmelen kledde vassflata i brusande blått.

Translation: Actually about yesterday. The sun was almost brave enough to meet me, and the sky bluer than even in the last few weeks, and the lilies of the valley had dressed up for me, while the wind and the sky made the water blue.