Viser innlegg med etiketten skyer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skyer. Vis alle innlegg

onsdag 12. oktober 2011

Skyer og fjell

 I dag klårna det opp etter fleire dagar, og det er då eg hugsar kor vakre skyene eigentleg er.


Translation: Today it stopped raining, and I realized how beautiful the clouds are.

søndag 18. september 2011

Haustfint #5: Kveldshimmelen

I går kveld leika himmelen utkledningsleikar med seg sjølv og skifta antrekk kvart femte minutt.
how do you make gifs

Translation: Yesterday, around eigth o'clock in the evening, the sky played dress up with itself.

søndag 7. august 2011

Omlag fjorten liter


Translatoin: Ca. 14 litres.

tirsdag 2. august 2011

Glimt

Frå dagens langtur. No er herdane (bestemt form fleirtal av hokjønnsordet herd, som tyder "skulder") mine ganske raude, og eg har funne ut at det å hoppe frå stein til stein kan vere ein smule risikabelt, i alle fall viss du er berrføtt of har bretta buksa opp so langt som råd er. Men det går fint når ein kan sitte nesten heilt ytterst på den store steinen som liksom heng i dalsia, og når ein kan kjøle seg ned med snøv, og studere plante- og insektlivet, og pappa lagar bål so ein kan grille litt.

Translation: Today I walked, got a light sunburn, studied plants and insects, climbed on rocks with bare feet and admired the snow.

lørdag 4. juni 2011

Eigentleg i går

Eg såg mot vest der sola snart ikkje var sjenert lenger...
 og mot aust der himmelen var blåare enn nokon gong på fleire veker...
 og ned ved føta mine, der nokre små hadde pynta seg for meg...
 og bortover den vinden og himmelen kledde vassflata i brusande blått.

Translation: Actually about yesterday. The sun was almost brave enough to meet me, and the sky bluer than even in the last few weeks, and the lilies of the valley had dressed up for me, while the wind and the sky made the water blue.

fredag 11. februar 2011

Månefunderingar

I dag var det heilt vårhimmel. Eg såg føre meg planetbanene som Kepler streka opp, og lurte på om det gjekk an å sjå Jupiter og hass fire månar dersom eg stirra forbi det blå. Utanom ein halvmåne som var like kvit som snøven, var himmelen heilt naken.

Nei, no lyg eg visst. Månen var ikkje heilt einsam

Translation: The sky was naked and blue, with only the white moon for comfort. Oh, now I'm lying. They had company.

lørdag 5. februar 2011

Blå himmel

I dag kom eg te bevisstheit rundt klokka ti, og merka at lyset var annleis, lysare enn det hadde vore dei siste dagane. So smilte eg litt og sa farvel til det siste biletet i draumen før eg opna auga. Eg hadde nesten gløymt kor lyst det kunne bli, og utanfor dala det ned store, tynne fnugg frå nokre av dei loddengyldne skyene over huset mitt. Lufta var ikkje so alt for kald heller, då eg opna vindauget for å kunne lagre augneblinken litt lenger. Skjønt det vart litt kjølig etter eit par minutt, men slikt gjer ingenting.


Translatoin: today was golden and blue, with a few snowflakes in the morning along with cool, stinging air on my stomach when I opened the window.

torsdag 7. oktober 2010

Når sola viser vegen

På bussen heim i dag, so såg eg plutseleg ei søyle av sollys so' peika på plassen sar huset mitt ligge, og då måtte eg le litt fint. For tenk at han trudde at eg ikkje skulle finne vegen sjølv!

Translation: On my way home today, I looked out the window of the bus and saw a sunshine column that pointed at the spot of my house. I had to giggle a little, as it would seem he didn't think I would find the way by myself.