Viser innlegg med etiketten blå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blå. Vis alle innlegg

onsdag 8. juni 2011

Ikkje lenge til no...

 For å markere at sommaren er komen, so er det blitt tradisjon at norsklæraren vår plukkar rhododendron til å ha på kateteret i klasserommet.
Og verda vil vere kvit innimellom alt det grøne.
Medan fuglar let songane flyte.

Translation: Vacation is on it's way.

lørdag 4. juni 2011

Eigentleg i går

Eg såg mot vest der sola snart ikkje var sjenert lenger...
 og mot aust der himmelen var blåare enn nokon gong på fleire veker...
 og ned ved føta mine, der nokre små hadde pynta seg for meg...
 og bortover den vinden og himmelen kledde vassflata i brusande blått.

Translation: Actually about yesterday. The sun was almost brave enough to meet me, and the sky bluer than even in the last few weeks, and the lilies of the valley had dressed up for me, while the wind and the sky made the water blue.

onsdag 23. mars 2011

Electron Blue

 1. Blå strofe frå ein blå song:
Adventure's made its claim on you
It's all you want to do (do)
You (You)
You know where to run
You run Electron Blue.

2. Innsida av den blå flaska som står i glaskarmen i støva, den det står "Spain" under,

3. Blå sløyfe i håret sidan eg følte for det

Translation: Blue bottles, bows and music.

fredag 11. februar 2011

Månefunderingar

I dag var det heilt vårhimmel. Eg såg føre meg planetbanene som Kepler streka opp, og lurte på om det gjekk an å sjå Jupiter og hass fire månar dersom eg stirra forbi det blå. Utanom ein halvmåne som var like kvit som snøven, var himmelen heilt naken.

Nei, no lyg eg visst. Månen var ikkje heilt einsam

Translation: The sky was naked and blue, with only the white moon for comfort. Oh, now I'm lying. They had company.

mandag 6. september 2010

Om verdsrommet sine realitetar

I går natt let eg vindauget på rommet mitt stå ope, og då høyrde eg plutseleg fine stemmer utanfor. Eg trur det va ein uglefamilie som sat og såg på stjernene medan uglepappaen prøvde å forklare at dei lysande prikkane dei såg på ikkje er ballar av gass, slik som menneska og vortesvin seier, men lyset frå byar og verder som lever på ryggane til skjelpadder som flyt rundt i eit stort uendeleg hav utanfor.
"Meiner du at det e hav rundt oss på alle kantar, pappa?"
"Nei, vesla, det veit eg."
"Jamen, kvifor e ikkje vi klissblaute, då, pappa?"
"Det e fordi det e ein gullfiskbolle over landet vårt, det."

Translation: Last night I heard the owls speak, and I think they talked about the universe and the stars, that in reality aren't balls of gass, but in fact lights from other worlds that exist on the backs of tortoises swimming in a great ocean outside. The reason why we're not soaked, is that there's a huge fish bowl over our heads.