lørdag 9. oktober 2010

Om å gjere tehylla om til teskåp

I dag va eg faktisk i rydde-vaske-og-ordne-humør. So opna eg skåpet der tehylla vår va, og fann ut at eg skulle rydde ut alt saman, både terelaterte ting og ikkje-terelaterte ting. Omlag sånn såg det ut der inne etterpå (der er eigentleg ei hylle te i skåpet, men mamma brukar den øvste hylla te noke anna):
So sette eg fyrst inn den store, blå tekanna te mamma i den midterste hylla. Pappa sin sjokoladekaffi (som han hadde gløymt at han hadde kjøpt fordi han va nyfiken på korleis den va) fekk og lov te å stå der, og overlevingsboksen og reise-teboksen passa fint dar, tykte eg. Og ricola-teen òg, for den hadde ein sånn rund boks.
I nedste hylla fekk plutseleg alle dei andre teane plass, og framleis toler hylla litt tilføying. Pukka-teen (som vart kjøpt i går) fekk stå heilt bakerst, men gødt synleg, sånn at viss eg har ein dårleg dag, so ska eg få lett auge på den. Heilt fremst var dei teane som snart e oppbrukte (eg må snart til Oslo for å få meir av yndlingsteen (og eg tykkjer det e ein ganske god grunn te å reise te hovudstaden, eg)). Dei teane eg av og til gløymer at eg har, fekk fine klesklyper på seg, sånn at eg ska sjå dei.
Og omlag slek ser no teskåpet ut.

Translation: Today I figured that I should reorganize the teashelf, and then I took a look at the shelf above it, and saw that I would have two teashelves. I'm quite satisfied with that.

5 kommentarer:

Maren sa...

Hurra for tehylle! Nå ble jeg kjempenysgjerrig, hva er favoritt-teen din? :)

Kjersti Dahle sa...

FINT!

jeg vil også!

men jeg har ikke skap-plass...
kanskje kjøpe et sånt veggskap jeg kan ha te i? hmm.

Regnboge sa...

Maren: Den heite "Garden of Eden" med solblomst og jasmin. Konfektspesialisten som har den, og den e herleg (men ein må ha litt sukker i)^^

Snutebille: Ja! Ja! Ja!

M sa...

Wæow! :D Når jeg så den blå boksen som det står "Orange" utpå, fikk jeg et flashback fra barndommen :) Var det ikke da de solgte sånn sjokolade? Jeg husker vi pleide å ha små leker oppi den da den var tom.

Hvis du skal til Oslo bør du dra innom te-butikken "Black Cat" og kjøpe karamell te og hylleblomst te <3

Regnboge sa...

M: EG trur den boksen eigentleg e bror min sin, og dar va eigentleg to sjokoladeappelsiner i^^ Eg lurer på korles dei smakte, fordi eg trur 'kje eg va fødd (eller kanskje eg ikkje va stor nok te å ete sjokolade) då dar va sjokoladeappelsiner i den.

Dei teane høyrest fantastiske ut:D