I fjor haust fann vi ut at vi ville plukke neter, slik at vi kunne ha heimeplukka juleneter, akkurat slik som før i tida då mamma og pappa va' små. Men det vart skralt med den fangsten, fordi alle skrumpa inn og vart dårlege. I år derimot, so knakk vi koden:
1. Ikkje plukk dei som ligge på bakken, uansett kor tørre dei ser ut, og plukk helst når det e fint veir.
2. Ikkje legg dei rett på eit trebrett, men ha gråpapir/avispapir/gråpapir mellom brettet og netene.
Og sånn ser dei ut no:
Dei e so søte og små og fine og gode at dei smeltar nesten litt i munnen, og hunden seie ja takk, både til nøtta og skalet (som e so tynt at ho kan knekke det sjølv).
Translation: This autumn, we went out in the woods and found quite a nice amount of hazel nuts, and we tasted the first ones today. They're much sweeter than those you buy, and they almost melt in your mouth.
1 kommentar:
så fint å plukke nøtter selv <3
Legg inn en kommentar