Viser innlegg med etiketten fest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fest. Vis alle innlegg

mandag 2. april 2012

Når barndomsvener fyller tjue

... er der ballongar.
 ...  er der kake og te i suvenirkøppar.
 ... er der gode vener som er glade for å møtast att.

Translation: When a childhood friend turns 20.

lørdag 27. november 2010

Tre dagar: fredag

Ho nydlegaste kjøpte oreokjeks til alle saman rundt bordet vårt i kantina, og det va fyrste gong eg smakte eit. Og det va nam.
Og eg og ho vakraste hadde selbuvetter, berre litt omvende, og med annleis mønster inne i henda, og på tommeltottane.
Og på kvelden var det endeleg duka for haustfest, noko som har teke veldig mykje av tankane mine dei siste vekene (sidan eg va i komitéen). Eg tør seie det va vellukka, og det var mange fleire på dansen enn i fjor, berre sjå:

Translation: Friday I ate my first oreo-biscuit, looked at mittens with the same patterns, and could finally enjoy the autumn party which have occupied my mind for so many weeks.

søndag 29. august 2010

Om spelemenn og danseglade

Lystige tonar frå strengar og belgar som fløymer over gymsalen som for anledinga e omgjord til dansesal for folkemusikkglade dansarar, smilerynker som formar seg rundt glitrande auge i det dempa lyset, og høglydt småprat frå stolane langs veggane. Dama med dalmaltinarkåpa og raudt, smalt skjørt som ein såg litt tidlegare på kvelden, ho som nesten va litt skummel fordi ho kunne minne litt om Cruella de Vil, ser no eigentleg ganske snill ut, der ho flyt forbi i ein tango. Litt lenger borte dansar eit kanskje litt mindre grasiøst par, med korterma skjorter og mørke bukser og kosar seg fordiom i all venskaplegheit. Når reinlendaren litt seinare e i full gong, blir ein merksame på han i grøn t-skjorte og det breie smilet som svingar rundt på den faste dansepartnaren sin, og det ser i all enkeltheit ut som om dei e oppslukte av kvarandre.
Og før ein veit ordet av det, finn den yngre garde ut at vi må danse litt vi òg, og går sjølvsagt rett på reinlendaren; to dansesteg på fire takter, etterfølgd av 720 graders rotering på same antal takter. Naturlegvis spelar spelemennene ekstra lenge den gonge, slek at når ein e komt halvvegs ut i songen, er ein alt so svimmel at heile verda snurrar med same fart om ein no går eller svingast rundt, og når ein endeleg kan sette seg igjen, so bommar ein nesten på stolen og e utruleg glad for at ein sparka av seg dei litt høge hælane før ein gjekk ut på dansegolvet. Neste reinlendar går det beire, for hjerna klarar å smarte ut det spinnande rommet, sånn at ein kan sjå dei andre dansande òg. Under valsen går det so roleg at ein kan valse bort til dei andre venene sine og prøve å få dei til å kome ut av takta ved a dulte borti dei, men alle klarar å halde seg stødige.
Når festen e over, so sit ein litt lenger og ler av dei støvete føta sine, og pratar med gamalt og nytt kjendtfolk.

Eg anbefalar å gå på ein gammaldans-fest ein gong, og om du ikkje dansar det som spelast, so e dar mange søte pe det veldig fint å berre sitte og sjå på dei andre som dansar og prøve å dikte opp historier om dei.

Translation: I highly recommend that you go to a dance party with mostly grown ups dancing traditional dances (like waltz) sometime, because it's actually quite nice to sit and watch all the sweet couples and friends that dance.

fredag 13. november 2009

Draumekrøniker, Del 7 - Kjolar og Trollpakk

Ein heilt tilfeldig dag. Eller, eigentleg er det jo natt, sola e 'kje oppe, men det e lyst nok te å kunne kallast dag. Perfekt tid på døgeret til å reise til nærmaste tettstad med klesbutikkar for å handle. Jau, det e nok dag.
Som vi alle veit, går ein alltid først inn på den butikken som sel dei rimelegaste klesplagga, og når desse kleda attpåtil e dei beste kan det jo ikkje bli betre. Eg skal ha ein kjole, ein fin ein. Ikkje det at eg veit kor og når eg skal bruke den, dessutan har eg jo festkjole frå før av, men ka gjer vel det?
Først ut er ein svart kjole i sateng, nokså elegant på same tid som at den er original med eit lag av chiffon utanpå det golvlange skjørtet. Snittet er tilnærma lik 1700-talets renessanse, med andre ord ein oppdatert klassikar. Kanskje litt vel klassisk?
Neste kandidat har ein djup blå farge, også den kan pryde seg i sateng, iallefall delvis. Bringa er tydeleg inspirert av den viktorianske moten, med blondar og korsettsnøring, som til slutt rundast av med ei stor, mørk sløyfe, før det struttande skjørtet tek over og skapar noko som minner meir om ein kjole frå den japanske stilretninga Gothic Lolita. Nei, det får no vere grenser!
Den tredje, ein raud, enkel kreasjon, er rett og slett alt for kjedeleg.
Nei, det nyttar visst ikkje her, eg får vandre vidare. For å spare tid går eg bort til dama som held på å henge opp nokre fleire plagg, for å forhøyre meg om kva for ein av dei andre butikkane som har høvelege prisar og dermed er verd å gå innom. Motvilleg nemner ho ein av konkurrentane.
I det eg skal til å gå, får eg auge på den perfekte kjolen: knelang, enkelt snitt, med sløyfer og blondar i fleng. Alt i ein pistasje-grøn farge, med hint av mørk mint... Men å kjøpe den no va berre for flaut (noke eg e veldig glad for i ettertid).
Eg hadde nett funne ein passande kjole (svart, stroppelaus, figursydd, med små, blå blomar broderte på) og skulle betale i det folk begynde å springe hysterisk rundt i senteret. Temmeleg forvirra går eg ut, kanskje eg då vil skjønne kva som er gale. Men nei, eg blir ikkje klokare av det. So då er det jo ikkje anna å gjere enn å spørre då. Fælt so mykje eg må spørre i dag då! Ei dame, eller kanskje va det ein mann, svarar stakato: "Dei kjem!" "Kven?" undrar eg, om muleg endå meir frustrert. "Trolla!" og med det eine ordet hiv han seg ut i kaoset av springane føter og veivande armar, let meg vere igjen der på sida med mitt forvirra uttrykk.
Utan at eg heilt veit korleis, er eg midt i ei rekke av menneske som sakte og hastande glir fram over ei steinur, det er nok eit rasfarleg område, der ein somme stader må hoppe for å kome fram over. Eg trur mest heile kommunen blir evakuert inn i nokre fjelldalar, men er ikkje det eigentleg det dummaste ein kan gjere? Det er trass alt troll vi har med å gjere, store troll som høyrer heime i sleke områder.
Men ein god ting kom no ut av turen: no veit eg ka slags kjole eg sk ha meg!