Viser innlegg med etiketten gebus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gebus. Vis alle innlegg

mandag 2. april 2012

Når barndomsvener fyller tjue

... er der ballongar.
 ...  er der kake og te i suvenirkøppar.
 ... er der gode vener som er glade for å møtast att.

Translation: When a childhood friend turns 20.

søndag 30. oktober 2011

Lyspunkt i ei travel veke

1. Onkelbesøk og litt forseinka gebusgåve som var so fint innpakka at eg nesten ikkje turde opne:
 2. - 40% på alle Pierre Robert-produkt på Coop, noko som då resulterer i ein langarma ullgensar i mørk plomelilla farge, og ein stålblå ulltopp:
 3. Varm sjokolade i solskin:

Translation: Three nice things in a busy week.

tirsdag 13. september 2011

Måtar eg varmar meg på i dag:

- Silkeskjerf rundt halsen.
- Gratulasjonshelsingar og -klemmar.
- Pulsvarmarar som Ingvaldsen har strikka.
- Tøfler som eg fekk av ein av pusekattane. 
- Latter.
- Te i rosa mummikøpp.
- Synging.
- Hundepels mot ansiktet.
- Eting av gebuskake.
- Varm sjokolade på kafé.

Translation: Today is my birthday, and the day is filled with heart warming things.

mandag 12. september 2011

Til skogen

Kjem du til å kjenne meg att? I morgon? Vil du hugse den som trødde over mosen og mellom blomen, at det var meg? Eller vil det i morgon ha kome eit nytt preg snikande bak augene, gjennom huda, inn i stemma mi, slik at du ikkje trur det er meg, men nokon andre, nokon som du aldri har høyrt syngje før, og som du aldri har smilt saman med?
I morgon skal eg syngje voggesongen til deg, den eg lærde av ugla. Då skal du vete at det er meg, og dersom ingen syng den, so er eg borte. Men eg skal syngje til deg. I morgon.

Translation: Will you know me? Tomorrow? Will you remember the one who walked over the moss, through the ferns, will you remember that it was me? Or will there have come a new light behind my eyes, beneath my skin, will there have some a new sound in my voice, so that you do not believe it is me, but someone else, someone you've never heard singing before, or ever smiled with?
Tomorrow I shall sing you the lullaby I learned from the owl. Then you shall know it is me, and if nobody sings it, I am gone. But I shall sing to you. Tomorrow.

lørdag 16. april 2011

Te og kake


Som seg hør og bør når broren kjem heim og hadde gebus dagen før.

Translation: We celebrated my brother's birthday today.

torsdag 16. september 2010

Om å vere tetyrst (og nettopp hatt gebus (dialektord for bursdag))

I vel ei veke no so har eg hatt so forferdeleg lyst på te. Teskåpet vårt har vore like variert so vanleg, men det e nettopp det so har vore so forferdeleg: ingen nye tear! Men då e det litt fantastisk å nettopp ha hatt bursdag, og so plutseleg få ein pakke rett framfor nasa di og ho vakre som seier "her e gebussgåva di". Det e ei sånn gåve med kake utanpå, og når ein brettar opp papiret, so e det ein nydeleg liten boks, ogso fyller lufta seg med krydderduft, men so legg ein ikkje merke te det, og so opnar ein opp loket, og ser massemasse teposar som ligg litt hulter til bulter, og ein utbryt "Åh!" inni seg i det ein faktisk registrerer aromaen. So kan ein nesten ikkje vente til ein kjem heim og prøve ut ein av dei seks nye smakane.
(Om språket e litt vanskeleg, so kan eg sei' at det står noke sånt som at det er ein boks med alt du trenge for å overleve)

Medan ein ser gjennom teane, so får ein auge på ein liten grøn knapp med lauv på. Underleg. So ser ein litt forbi og ved sidan av teposane og ser so mykje meir! Eventyrsjokolade, knappar i fine fargar og fasongar, og ei lita blokk med post-it-lappar med grisunge på!

Translation: one of my friends gave me a delayed birthday present today, and this is what was in it.