Viser innlegg med etiketten handel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten handel. Vis alle innlegg

mandag 5. mars 2012

Mammutkjærleik

Etter omlag ein halvtime, so hadde eg funne desse tre skattane på næraste bokhandel, til ein samla pris av 227.  Eg gler meg til eg kan lese dei, og eg likar mammutsal. So veit de det.

Translation: I love book sales. In thrity minutes I had found these three treasures, and I'm looking forward to read them.

søndag 30. oktober 2011

Lyspunkt i ei travel veke

1. Onkelbesøk og litt forseinka gebusgåve som var so fint innpakka at eg nesten ikkje turde opne:
 2. - 40% på alle Pierre Robert-produkt på Coop, noko som då resulterer i ein langarma ullgensar i mørk plomelilla farge, og ein stålblå ulltopp:
 3. Varm sjokolade i solskin:

Translation: Three nice things in a busy week.

fredag 19. august 2011

For 25 kroner

Loppemarknadar med kuffort (sånn vi seie "koffert") og tun med yndlingshund er to ting som gjer meg glad.

 

Translation: Flea markets with suitcases and yards with one's favourite dog makes me happy.

torsdag 11. august 2011

Nye smakar og sånt noke

- Akkar for fyrste gong i mitt liv, frityrsteikt med sursøt saus og ris (og hurra: mitt andre måltid eg fekk i meg berre ved hjelp av etepinnar!) på restauranten Bambus i Førde.
 - Diplomis-is med sommarbær, slett ikkje verst.
 - Mi heilt eiga ukulele, som er kvit, fordi utrifrå raud, svart og kvit, so var sistnemnde det mes uvanlege, og kanskje eg kan dekorere den sjølv?
- Tråling av butikkbokhyller gav endeleg den fangsten eg har leitt etter, og det til berre ein kvart hundrelapp. Eg likar NMS gjenbruk!


Translation: New tastes (squid in sweet and sour sauce and a new type of ice cream) and belongings (an ukulele and a book I've looked for for a long time.

tirsdag 23. november 2010

Divine Chocolate

Fredag, so kjøpte eg dinna Fair Trade-sjokoladen på "Om att" i Førde, og den e sånn fantastisk god. Den e litt bitter (70% kakao) og har appelsingelébitar i seg, sånn at den blir litt søtt, men på grunn av den høge kakaoprosenten so klarar du ikkje å ete so mykje i gongen at den blir kvalmande søt. Det e det so e so fint med mørk sjokolade. På framsidan av pakken står det:

Divine, 70% dark chocolate with ginger and orange, heavenly chocolate with a heart.

lørdag 6. november 2010

Det som vart med heim etter turen te Førde:

1 gul tekanne til den dagen eg flyttar ifrå mamma og pappa,
1, 2, 3, 4 smoltringar frå smoltringmannen,
og 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 pakkar som fine folk ska få te jul.

Translation: Today I brought home one tea pot, four donuts and eight Christmas presents form the city.

fredag 13. november 2009

Draumekrøniker, Del 7 - Kjolar og Trollpakk

Ein heilt tilfeldig dag. Eller, eigentleg er det jo natt, sola e 'kje oppe, men det e lyst nok te å kunne kallast dag. Perfekt tid på døgeret til å reise til nærmaste tettstad med klesbutikkar for å handle. Jau, det e nok dag.
Som vi alle veit, går ein alltid først inn på den butikken som sel dei rimelegaste klesplagga, og når desse kleda attpåtil e dei beste kan det jo ikkje bli betre. Eg skal ha ein kjole, ein fin ein. Ikkje det at eg veit kor og når eg skal bruke den, dessutan har eg jo festkjole frå før av, men ka gjer vel det?
Først ut er ein svart kjole i sateng, nokså elegant på same tid som at den er original med eit lag av chiffon utanpå det golvlange skjørtet. Snittet er tilnærma lik 1700-talets renessanse, med andre ord ein oppdatert klassikar. Kanskje litt vel klassisk?
Neste kandidat har ein djup blå farge, også den kan pryde seg i sateng, iallefall delvis. Bringa er tydeleg inspirert av den viktorianske moten, med blondar og korsettsnøring, som til slutt rundast av med ei stor, mørk sløyfe, før det struttande skjørtet tek over og skapar noko som minner meir om ein kjole frå den japanske stilretninga Gothic Lolita. Nei, det får no vere grenser!
Den tredje, ein raud, enkel kreasjon, er rett og slett alt for kjedeleg.
Nei, det nyttar visst ikkje her, eg får vandre vidare. For å spare tid går eg bort til dama som held på å henge opp nokre fleire plagg, for å forhøyre meg om kva for ein av dei andre butikkane som har høvelege prisar og dermed er verd å gå innom. Motvilleg nemner ho ein av konkurrentane.
I det eg skal til å gå, får eg auge på den perfekte kjolen: knelang, enkelt snitt, med sløyfer og blondar i fleng. Alt i ein pistasje-grøn farge, med hint av mørk mint... Men å kjøpe den no va berre for flaut (noke eg e veldig glad for i ettertid).
Eg hadde nett funne ein passande kjole (svart, stroppelaus, figursydd, med små, blå blomar broderte på) og skulle betale i det folk begynde å springe hysterisk rundt i senteret. Temmeleg forvirra går eg ut, kanskje eg då vil skjønne kva som er gale. Men nei, eg blir ikkje klokare av det. So då er det jo ikkje anna å gjere enn å spørre då. Fælt so mykje eg må spørre i dag då! Ei dame, eller kanskje va det ein mann, svarar stakato: "Dei kjem!" "Kven?" undrar eg, om muleg endå meir frustrert. "Trolla!" og med det eine ordet hiv han seg ut i kaoset av springane føter og veivande armar, let meg vere igjen der på sida med mitt forvirra uttrykk.
Utan at eg heilt veit korleis, er eg midt i ei rekke av menneske som sakte og hastande glir fram over ei steinur, det er nok eit rasfarleg område, der ein somme stader må hoppe for å kome fram over. Eg trur mest heile kommunen blir evakuert inn i nokre fjelldalar, men er ikkje det eigentleg det dummaste ein kan gjere? Det er trass alt troll vi har med å gjere, store troll som høyrer heime i sleke områder.
Men ein god ting kom no ut av turen: no veit eg ka slags kjole eg sk ha meg!