Viser innlegg med etiketten ugler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ugler. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2012

Uglekjærleik

Noke av det som er so fint med å lage mat no etter jul, er at eg har fått eit veldig triveleg matlagingsselskap som eg knyter rundt livet.
Kva er på førkleet (forkleet) ditt?

Translation: This is an apron that I got last Christmas, and I love to cook wearing it.

mandag 6. september 2010

Om verdsrommet sine realitetar

I går natt let eg vindauget på rommet mitt stå ope, og då høyrde eg plutseleg fine stemmer utanfor. Eg trur det va ein uglefamilie som sat og såg på stjernene medan uglepappaen prøvde å forklare at dei lysande prikkane dei såg på ikkje er ballar av gass, slik som menneska og vortesvin seier, men lyset frå byar og verder som lever på ryggane til skjelpadder som flyt rundt i eit stort uendeleg hav utanfor.
"Meiner du at det e hav rundt oss på alle kantar, pappa?"
"Nei, vesla, det veit eg."
"Jamen, kvifor e ikkje vi klissblaute, då, pappa?"
"Det e fordi det e ein gullfiskbolle over landet vårt, det."

Translation: Last night I heard the owls speak, and I think they talked about the universe and the stars, that in reality aren't balls of gass, but in fact lights from other worlds that exist on the backs of tortoises swimming in a great ocean outside. The reason why we're not soaked, is that there's a huge fish bowl over our heads.