I dag er eg ekstra glad i fillejoggeskoa mine. Då vi var komne so høgt opp som pleier å vere grensa mi på den ruta, so starta fjellskoa å gå til angrep på helane som vanleg, men i dag hadde fillejoggeskoa sneke seg med i sekken, og medan fjellskoa fekk henge i ein pøse på ei grein, so bar desse flinkingane meg til den toppen eg aldri har klart å nå før.
Det var varmt og litt tungt, til og med hunden peste og måtte kvile då vi nådde toppen.
So vanka det sjokolade, med den beste utsikta framfor seg, sol på snøkvite leggar og svalande vind i håret.
Eg er glad.
Translation: Today I love my worn-out shoes, because they carried me up to the mountain top that I never was able to reach before, due to the combination of unusual feet and bad shoes. Today I managed though, and I'm happy.