Viser innlegg med etiketten brev. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brev. Vis alle innlegg

fredag 21. oktober 2011

Ein måte å ete skillingsbollar på

Når ein skal sende viktige e-postar medan ein et skillingsbollar som ein plutseleg får fordi ei i klassa hadde gebusfeiring som ein ikkje hadde høve til å vere med på, då bør ein bruke gaffel.

Translation: When eating while sending important e-mails, it might be a good idea to use a fork.

onsdag 19. oktober 2011

Magiske fenomen i kvardagen

Post med stjerner på både utsida og innsida.
Spaghetti med heimelaga kjøtdeig og ananas.
Den fyrste snøven (vi køyrde eit stykke for å kome dar, altso, han får 'kje lov te å kome på tunet heilt endå).

Translation: Letters with stars (both on the inside and the outside), spaghetti with pineapple, and the first snow are some magical things, I think.

mandag 12. september 2011

Til skogen

Kjem du til å kjenne meg att? I morgon? Vil du hugse den som trødde over mosen og mellom blomen, at det var meg? Eller vil det i morgon ha kome eit nytt preg snikande bak augene, gjennom huda, inn i stemma mi, slik at du ikkje trur det er meg, men nokon andre, nokon som du aldri har høyrt syngje før, og som du aldri har smilt saman med?
I morgon skal eg syngje voggesongen til deg, den eg lærde av ugla. Då skal du vete at det er meg, og dersom ingen syng den, so er eg borte. Men eg skal syngje til deg. I morgon.

Translation: Will you know me? Tomorrow? Will you remember the one who walked over the moss, through the ferns, will you remember that it was me? Or will there have come a new light behind my eyes, beneath my skin, will there have some a new sound in my voice, so that you do not believe it is me, but someone else, someone you've never heard singing before, or ever smiled with?
Tomorrow I shall sing you the lullaby I learned from the owl. Then you shall know it is me, and if nobody sings it, I am gone. But I shall sing to you. Tomorrow.

lørdag 18. desember 2010

Årets fyrste julebakst (og litt meir)

Eg, broren og mamma laga peparkaker so tidleg at eg åt deig te frukost,
 ho vakraste hadde sendt meg eit brev med finaste juleseglet på,
 ei kjøtmeis sette seg på glaskarmen for å sjå om vi va' inne,
 og eg åt mitt fyrste ostefat:

Translation: Today I, my brother and my mother made gingerbread figures, A friend of mine sent a wonderful Christmas letter, a great tit tought we had fed her too little, and I ate biscuits with cheese for the first time.

lørdag 4. desember 2010

På ein lyselillla konvolutt

...som kom i postkassa i dag, sto namnet mitt i ei ukjend skrift, og inni va det to fine brevark med fine bokstavar og ord, frå Tine Katrine. Eg hadde heilt gløymt at ho hadde fått adressa mi, men det va skikkeleg fint!

Translation: Today I recieved a pale purple envelope with two sheets of paper inside from Tine Katrine. I had completely forgotten that she had my adress, and it was so nice to get a letter from her!

tirsdag 16. november 2010

Post te meg?

For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om det gjekk an å sende
te meg, og då måtte eg tenke litt på kva eg skulle svare.

Og no har eg funne ei løysing eg trur e den beste: viss du ve sende noke i posten te meg, so skriv du e-postadressa di i ein kommentar (samt blogg), ogso sender eg adressa mi te deg på e-post. Og eg publiserer ikkje kommentaren med e-postadressa di på!
Eg ve gjere det på den måten sånn at adressa mi ikkje kjem te kem so helst. Og viss du ikkje har blogg, so hade det vore fint om du skreiv namnet ditt. Anonyme folk kjem eg mest truleg ikkje te å sende te. Håpa det er greit slek, for dei som har hatt/fekk lyst til å sende brev.

Translation: If you want to send me a letter, please post a comment with your e-mail adress, and I'll send you my adress, as long as I can identify you (blog or real name). And I won't publish the comment with your e-mail!

torsdag 28. oktober 2010

Korte trekk

Blondt hår e fint:
Gullhjarte og skjerf for å ikkje bli meir forkjøla:
Brev med tyrksik brevpapir og Sweet Chili-te.

Translation: Blonde hair is pretty, golden hearts and scarfs are nice to have when you're catching a cold, and it's incredibly nice to find that you've recieved a letter from one of your best friends.

lørdag 31. juli 2010

Here Comes the Sun

I dag kom ein konvolutt seglande inn på bordet framfor meg
med vannvittige mengder teip (eg va so forsiktig eg kunne, eg lova!)
som gøymde eit fint brev, avisutklipp,  små lappar og eit Lilly My-jakkemerke frå ho nydlegaste.
Då gjer det ikkje noko at det ikkje e sol ute.