lørdag 31. mars 2012

Bokpost

Det viste seg at boka hadde komt for ei god stund sidan, men fordi det va bror min som hadde bestilt den, so sto hass namn på slik at pappa trudde det var bror min sin pakke, noke som gjorde til at han berre la den vekk ilag med diverse anna post. Men no har den altso endeleg funne sin plass i bokhylla mi mellom andre band av Klokkene kimer for deg og Iliaden.

(Skal lese den so snart eg e ferdig med boka eg held på med no)

Translation: Finally, the book The Old Man and the Sea is in my bookshelf, inbetween another book by Hemingway and The Iliad!

fredag 30. mars 2012

First Aid Kit

Denne coverversjonen av Fever Ray sin song "When I Grow Up" traff meg rett i hjartet.


Her er nokre andre smakebetar av den fine musikken desse to jentene lagar:




Translation: These girl have the mostbeautiful cover of Fever Ray's song "When I Grow Up", and they are really talented. I think you should listen to them. Now.

onsdag 28. mars 2012

Historielærarkake

Fordi vi har ein skikkeleg koseleg historielærar, og visstnok fordi vi fortente det, kom ho inn i klasserommet i dag med ei heil stor langpannekake, eller rettare sagt landpannebrownies, som vi skulle få. "Æ vil itj ha noka me mæ heim".

Sidan vi likte den so gødt, so hadde ho ikkje noke imot å avsløre den lekre oppskrifta, og eg tenkte då at eg skulle vidareformidle denne.

Du treng:
- Valneter (valnøtter)
- Ein pose TORO brownies (og det der står du treng)

Du gjer:
Bland saman ingrediensane etter retteliinga bak på pøsen, og ha i valneter. Steik som det står på brownies-pøsen. Voilà!

Translation: In history class today, the teacher brought us walnut brownies.

tirsdag 27. mars 2012

Vårvakkert

Eurasian Oystercatcher at Kummelskär by aixcracker
1. Tjeldepar langs heile fjorden.
2. Bokfink på brettet.
3. Hasselblomar.
4. Småsko.
5. Spirande grasløk.

Translation: Beautiful spring brings oystercatchers, chaffinchs, hazel flowers, light shoes and chive sprouts.

mandag 26. mars 2012

Målungdom

Klåre meldingar,
utsøkt mat,
og heilt eigne røystelappar for viktige avgjerder.

Translation: Some of the things I have been occupied with this weekend

fredag 23. mars 2012

Cry, Cry

(ein song av Mazzy Star)
Cry, cry for you 
Just like you knew I wouldn't do 
Cry, cry for you 
Just like a song in the last light 

Should I leave it all away 
Not like the kindness that you gave 
That's why it never seems the same 
Behind your eyes 

I stood behind when no one asked me 
And took you home after the fight 
I drove my car into city lights 
Drove down the road that I am on 

Cry, cry for you 
That's what you think I want to be 
Cry, cry for you 
An empty heart that sees me through 

Cry, cry for you 
Just like you knew I wouldn't do 
Cry cry for you 
Just like a song in the last light 

Cry, cry for you 
Just like you knew I wouldn't do 

onsdag 21. mars 2012

Lotteri

Sist biologitime sette vi oss rundt eit bord, og læraren vår fortalde om fruktfløger, og so skulle vi alle trekke ein lapp der det sto anten "fruktfløge" eller "augestikkar". Når vi, litt uforståande, hadde gjort det, so sa han noko sånt som: "No går dokke fram på det bordet dar framme og tek ein av den typen som dokke trekte, og tek det som premie for at dokke va so flinke i dag".

Augestikkaren min har ei klipe som gjer at ein kan feste den i håret, på jakkekragen, eller i ein tråd.

Translation: Last biology class, our teacher had a lottery. Everyone won something, and I got one of the dragonflies.

tirsdag 20. mars 2012

Om å gå i mørket

winter make good by ugne jaks
Om å sløkkje lommelykta før ein lang sving. Om å dra regnhetta av hovuded og stoppe opp. Lytte. Å late dei kvite stripene på sida av vegen, late den blånke asfalten vere einaste kjelde til lys. Halde ekstra hardt i hundebandet, runde svingen medan du høyrer lyden av rennande, drypande vatn rundt deg. Stopp. Hald hunden tilbake. Tenn lykta og lat den sveipe over grasbakken. Der er dei. To hjortar som står heilt i ro og ser mot lyset. Gjøing.

Om å følgje dei springande kroppane, hoppande. Ikkje redde, berre litt usikre. Ein ynskjer å vere trygg. Ein senker lykta. Ein står fem meter frå eit ungdyr, brunt med regnvått andlet. Rett framfor deg, med dråpar blenkjande i pelsen på halsen.

Du må gå i mørket.

mandag 19. mars 2012

Lyseblå glede

Litt framtidsretta materialisme skadar ikkje, so i dag inversterte eg i denne vesle, eldfaste forma, perfekt for kveldar og middagar åleine på ein hybel til hausten, eller saman med ein eller to eller tre fine menneske (skjønt då må ein nok ha noko i tillegg til det forma kan romme).

Translation: Something I bought for when I move out.

lørdag 17. mars 2012

Sjølvstudium i fransk


Translation: This is how I study French.

torsdag 15. mars 2012

Amerikanarar


Translation: Americans.

onsdag 14. mars 2012

Menn med vakre stemmer

- Jón Þór Birgisson, med til dømes "Boy Lilikoi":
- Thomas Dybdahl, med til dømes "Still My Body Aches":
- Anthony Hegarty, med til dømes "One Dove":

Translation: Three men with beautiful voices

tirsdag 13. mars 2012

Lunsj

I dag hadde eg dessert med snø på etter lunsj.

Translation: Today I bought dessert to go with my lunch.

mandag 12. mars 2012

I mitt framtidige hus

Når eg blir stor skal eg ha eit raritetskabinett i huset mitt, der eg kan leggje ting eg finn ute i naturen, eller andre små skattar som eg kjem over her og der.

Translation: When I get my own house, I shall have a cabinet of curiosities.

lørdag 10. mars 2012

Kvardagsfint denne veka

- Å ete vafler med bacon til frukost.
- Å late opp vindauget på vidt gap etter at det (nesten) har slutta å regne.
- Å lese ut Drep ikke en sangfugl.
- Å sjå generalprøva til skulen si oppføring av Lysistrata.
- Å finne ein plass å henge dei fargerike bamselysa som har lege i skuffa i årevis.
- Å plukke snøklokker.
- Å gå tur med laust hår i kraftig vind.
- Å sortere alle neglelakkane til ein regnboge.
- Å smile.


Translation: Things to make everyday life even better: to eat waffles with bacon for breakfast, to leave the window open after the rain, to finish reading "To Kill a Mockingbird", to see the greek comedy Lysistrata (musical version), to decorate yout room a little, to pick spring flowers, to take a walk in the wind with your hair loose, to arrange your nailpolish so they make a rainbow, to smile.

fredag 9. mars 2012

Farvel, Vinter

No trur eg at Vinteren og eg har vore saman lenge nok, so han byrjar snart å pakke saman det han eig og reise vekk for ei stund. Han gjorde heimen vakker, men eg kan trenge endring. Den kjem nok ikkje om so alt for lenge, for eg høyrde rykter om at Våren er på veg. 

Translation: Winter is leaving. Even though I enjoyed seeing my home decorated to Winter's liking, I do believe Spring will do me some good.

torsdag 8. mars 2012

Frekner

Eg gler meg til sola lokkar fram frekner. Over nasa, under augene og rundt handledda. Frekner er noko av det som gjer med mest glad om våren.På fransk høyrest det ganske so fint ut òg. Les éphélide.

Translation: One of the things that makes me happy in the spring is the first freckels that appear on my skin. Across my nose, under my eyes and around my wrists.

mandag 5. mars 2012

Mammutkjærleik

Etter omlag ein halvtime, so hadde eg funne desse tre skattane på næraste bokhandel, til ein samla pris av 227.  Eg gler meg til eg kan lese dei, og eg likar mammutsal. So veit de det.

Translation: I love book sales. In thrity minutes I had found these three treasures, and I'm looking forward to read them.

søndag 4. mars 2012

Lydsporkjærleik

Filmen 500 Days of Summer er ein nydeleg film i seg sjølv, men lydsporet er heilt spesielt fint. Lytt.
Lista er funnen her.

Translation: The soundtrack to 500 Days of Summer is one of the best I've heard for quite a while. Please listen!

lørdag 3. mars 2012

Kandinsky om kunst

"Composition VII"


"The artist must train not only his eye, but his soul."


"Colour is the keyboard, the eyes are the hammers, the soul is the piano with many strings. The artist is the hands which plays touching one key or another purposively to cause vibrations in the Soul."


"There is no form, there is nothing in the world which says nothing. Often - it is true - the message does not reach our soul, either because it has no meaning in and for itself, or - as is more likely – because it has not been conveyed to the right place.. ..Every serious work rings inwardly, like the calm and dignified words: ‘Here I am!'"

torsdag 1. mars 2012

Klem ein bibliotekar!

Noko som er veldig fint med å ha facebook er at då kan du følgje kommunebiblioteket dar. I dag delte dei eit blogginnlegg frå glamourbibliotekaren, der det kom fram at i dag er det den internasjonale Hug a Librarian Day, og slik såg døra ut då vi fann ut at vi skulle ta å vitje dei kjekke bibliotekdamene våre:

Translation: Today this mesage hung at the door to our library, and I did not hesitate in hugging the librarians I met.