Viser innlegg med etiketten hund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hund. Vis alle innlegg

tirsdag 20. mars 2012

Om å gå i mørket

winter make good by ugne jaks
Om å sløkkje lommelykta før ein lang sving. Om å dra regnhetta av hovuded og stoppe opp. Lytte. Å late dei kvite stripene på sida av vegen, late den blånke asfalten vere einaste kjelde til lys. Halde ekstra hardt i hundebandet, runde svingen medan du høyrer lyden av rennande, drypande vatn rundt deg. Stopp. Hald hunden tilbake. Tenn lykta og lat den sveipe over grasbakken. Der er dei. To hjortar som står heilt i ro og ser mot lyset. Gjøing.

Om å følgje dei springande kroppane, hoppande. Ikkje redde, berre litt usikre. Ein ynskjer å vere trygg. Ein senker lykta. Ein står fem meter frå eit ungdyr, brunt med regnvått andlet. Rett framfor deg, med dråpar blenkjande i pelsen på halsen.

Du må gå i mørket.

onsdag 9. november 2011

To hunderaser

Austsibirsk laika (det er den rasa vi har):

Akita Inu (sånn som noken vi kjenner har):


Translation: My two favourite dog breeds.

fredag 19. august 2011

For 25 kroner

Loppemarknadar med kuffort (sånn vi seie "koffert") og tun med yndlingshund er to ting som gjer meg glad.

 

Translation: Flea markets with suitcases and yards with one's favourite dog makes me happy.

tirsdag 21. juni 2011

Sommarkveld

Når ein går berrføtt over ein liten tidsperiode dar ein går over jord og gras og grus og leikar indianar, so blir gjerne fotsolane slik.
Og då er ein plutseleg, i hal ti-tida, klare for å teste ut krokketutstyret som pappa trylla fram, sjølv om myggen likar ein veldig gødt, so gødt at han snik seg innunder hattebremmen.
Skjønt det er ikkje berre mygg som kan vere klengete, særleg når det er storebroren so' e komen heim for ein dag.

Translation: About pretending to be an indian with bare feet over earth, grass and gravel roads, before playing croquet along with mosquitoes, an older brother and a dog.

søndag 24. april 2011

Om å ete ute

Pappa hadde med hjortebiff som han steikte med løk,
og poteter,
 og mamma hadde laga pinnebrøddeig som vi steikte over bål medan pappa hadde grillen,
 der han, etter ei stund, steikte gulrøter, brokkoli og blomkål.
 Hunden såg mot grillen på den her måten:
 Sånn såg maten ut til slutt (vovven fekk smake litt, altso):
Hundar har forresten fantastisk sterke nakkar og kjevar.
(no luktar håret og huda mi bålrøyk, og eg gledar meg til å legge meg i kveld, med den lukta rundt meg)

Translation: Today we ate in the wild. My father prepared deer meat and vegetables, while my mother had made dough which we roasted over the open fire. I love dinners out.

torsdag 10. mars 2011

Når snøen e kram

I dag gjorde det ikkje så mykje at det var vinter likevel.

Translation: Today I found that snow wasn't all bad now.

onsdag 16. februar 2011

Vi gjer sola smør

I dag kom sola på tunet vårt, og vi kunne endeleg gje 'o smør (vi gjer alltid det fyrste soldagen).
 

Translation: Today we had the sun at home, and we gave her some butter (a tradition we have)-

onsdag 9. februar 2011

Sledehund og tigerhund og kosehund

Hunderasa hunden vår høyrer til er eigentleg sledehundar (men dei vart òg brukt te tigerjakt, har eg høyrt). I alle fall so elskar ho snøven.

Translation: She loves snow.

fredag 14. januar 2011

Den finaste hunden eg veit om

I dag, då eg kom opp bakken og kom forbi nabohuset (med ein litenstor bø imellom) høyrde eg plutseleg ei høgfrekvent piping frå huset vårt, og på trappa sat ho her dama her og va so selskapssjuk. For bror min e reist, og ho veit at han e reist lenger enn berre te Trondheim, sjølv om vi ikkje har sagt det te 'o. Og ho saknar han fælt. So når det endeleg kjem noken som kan kose og leike litt, so e det ikkje måte på kor ho utnyttar det.

Translatoin: Our dog misses my brother (she knows he went further away than he usually does, even though we didn't tell her), so she appriciates every moment of attention she can get.

lørdag 27. november 2010

Tre dagar: torsdag

Ganske so kaldt, sånn at ein kunne legge seg på golvet ved sidan av hunden og lege andletet inn mot pelsen hennar og nesten sømne (dialekt for "sovne").
 Å ha ein pappa som lagar god, varm kvelds med kylling og wokgrønsaker. Det va då vi innsåg vi skulle hatt pinnar å ete med.

Translation: Thursday it was so cold that I laid down on the floor beside our dog, and I got to rest my face in her fur. And later, my father made wok with chicken, and that's when we realized we should have chopsticks.

tirsdag 12. oktober 2010

Tysdagstur ved elva

Der det e skikkeleg fin sporsand der det hadde vore... ulv?
 Nei, det va berre bubben (dialektkoseord for hund).
 Og dar e runde steinar på grunn av jettegrytene lenger oppe i elva.

Translation: Today I took a walk by the river, where there's a sand bank where you can see animal tracks, and many of the stones are round and smooth.

søndag 10. oktober 2010

Eg elskar søndagar!

Særleg om hausten.

Translation: I love sundays, especially in the autumn!